Hopp til innhold
X
Innhald

Mellomalderkyrkje på Silda

Austre delen av Silda sett frå Osmundsvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Austre delen av Silda sett frå Osmundsvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mellomalderen stod det ei lita kyrkje på øya Silda. Kyrkja er omtala i 1340.– Sjå elles under Solund kommune om kyrkja som stod på Noregs vestlegaste fiskevær, Utvær - Utvær - kyrkjestad, fiskevær og losstasjon.

Utvær-kyrkja var bygd for å liggje nær fiskefelta. Det er ikkje usannsynleg at same tanken låg bak kyrkja på Silda. Ein må rekne med at folket på nord-Vågsøy og dei som budde inne på fastlandet kring Osmundsvåg og Flatraket sokna til denne kyrkja.

På Silda finn vi framleis stadnamna Kyrkjevågen, Kyrkjevågneset og Prestevika. Kyrkja på Silda vart riven på slutten av 1500-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010