Hopp til innhold
X
Innhald

Mjømna kyrkje

Mjømna kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna kyrkje bygt 1901. Arkitekt og byggmeister Anders Korsvold. Altartavle av Wilhelm Bjørknes - kopi etter Adolph Tidemand. Anna inventar og utstyr frå byggeåret eller seinare.

Folket på øyane hadde lenge kravd eiga kyrkje fordi det var lang og fårefull sjøveg til Eivindvik (sjå: Ulukker i Gulen).

Gravplassen på Mjømna kom i 1892, og seinare vart grenda valt som kyrkjestad. I 1932 vart det bygt eiga kai ved kyrkja. På den vesle øya Vatnøy litt lengre nord vart det i 1851 vigsla ein gravplass. Her vart fire menneske gravlagde i «uvigsla jord» etter ein kolerapest i 1849.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.08.2010