Hopp til innhold
X
Innhald

Nedstryn kyrkje

Nedstryn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nedstryn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nedstryn kyrkje vart bygd i 1859. Arkitekt var Leupold Rolfsen som teikna kyrkja etter ei typeteikning av Hans Ditlev Frank Lindstow, den same som teikna Utvik kyrkje. Byggmeister var den kjende kyrkjebyggjaren Gjert Rasmusson Lien frå Eid.

Strid om altartavla

Altartavla i Nedstryn kyrkje er frå 1610. Den stod i ei tidlegare kyrkje på staden, og kom på plass på 1920-talet etter mykje strid. I 1859 vart nemleg den vakre tavla frå 1610 stua bort på kyrkjeloftet, og ei enkel tavle med ein trekross framfor kom opp på altaret i den nybygde kyrkja. Alt rundt hundreårsskiftet tok nokre opp tanken om å få ei meir staseleg altartavle, med først i 1913 fekk målaren Ferdinand Kierulf Tranaas (1876-1932) i oppdrag å måle ei ny tavle som kom på plass i 1919. Men den fekk ikkje stå lenge, for den nye soknepresten, Eilert Eriksen, gjorde framlegg om at ein skulle hente 1610-tavla ned frå loftet og setje den opp på altaret. Etter ei folkerøysting vart det slik, og Tranaas-tavla vart hengd opp på sideveggen i koret. I kyrkja heng det elles fire måleri med bibelske motiv frå 1795, gjevne av Jakob Tonning. I tårnet heng to kyrkjeklokker frå mellomalderen. I 1904 fekk kyrkja orgel som gåve frå utvandra stryningar i Amerika.

Stor kyrkjekunst frå stavkyrkja på Eide

Rike gravfunn viser at det har budd storfolk kring kyrkjestaden på Eide i heilt frå eldre jernalder. I 1886 vart det funne ei steinhelle på Kyrkjeide med mystiske teikn og figurar. Fleire ekspertar meiner teikna liknar på symbol som ein finn att på monument i Skottland frå 700-talet. Desse 1300 gamle teikna kan vere provet på at kristendomen hadde slått rot i Nordfjord ca. 300 år tidlegare enn den offisielt vart innført i Noreg. Andre teikn på det same er dei såkalla keltarkrossane som ein m.a. finn ved Loen kyrkje og på Ryggøyra og ved Vereide-kyrkja i Gloppen. På storgarden Eide vart det bygd ei stavkyrkje på 1200-talet, omtala som Kyrkja a Æidi i Innstrjon. Les elles under Historie, artikkelen: Adelsætt budde på Eide.

Altarfrontalen frå Eide-kyrkja. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarfrontalen frå Eide-kyrkja. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarfrontalen frå Eide-kyrkja

Eitt av dei flottaste kunstverka frå norske mellomalderkyrkjer stod i den gamle stavkyrkja på Eide: Det er ein såkalla altarfrontal frå 1310 og som no er eitt av høgdepunkta i den store utstillinga av kyrkjekunst i Bergen Muséum. Åtte medaljongmåleri på frontalen er ei biletforteljing om hendingar kring på 600-talet. Den gamle ”teikneserien” er ei skildring av då persarkongen Cosdroe røva den heilage krossen frå gravkyrkja i Jerusalem, og om den kristne kongen Heraklius som erobra krossen tilbake til kyrkja. Biskop Jacob Neumann i Bjørgvin kom med i det første styret for Bergen Muséum då det vart skipa i 1826, og han har ein stor del av æra for at muséet har den største samlinga i Nord-Europa av kyrkjekunst frå mellomalderen. Neumann hadde fått kjennskap til det sjeldsynte kunstverket i Stry, og biskopen reiste personleg til Stryn for å hente altarfrontalen til muséet. Meisterverket frå mellomalderen stod då løynd bak eit anna og temmeleg verdlaust bilete som var hengd utanpå på altaret. I 1965 vart ein kopi av Stryne-frontalen gjeven til Nedstryn kyrkje av Bergens Tidende og J.W. Eides Boktrykkeri. Begge desse bergensinstitusjonane vart grunnlagde av stryningen Johan Wilhelm Eide. Kopien, som no heng på altarfronten i Nedstryn kyrkje, er måla av konservator Bjørn Kaland og målaren Ole-Gabriel Dahl.

Stryne-kyrkja frå 1650

Då den gamle stavkyrkja på Eide vart riven kring 1650, vart det reist ei ny krosskyrkje på staden. Denne kyrkja var tjørebreidd på utsida og hadde tårn og våpenhus. På 1800-talet skranta det gamle kyrkjebygget, og då Stryn vart skild ut som eige kyrkjesokn frå Innvik prestekall i 1843, voks kravet om ny kyrkje for soknet. Kyrkja frå 1650 var riven i 1859 for å gje plass til noverande kyrkje.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011