Hopp til innhold
X
Innhald

Nord-Vågsøy kyrkje

Nord-Vågsøy kyrkje vart bygd i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nord-Vågsøy kyrkje vart bygd i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før 1854 hadde Nord-Vågsøy kyrkje på Kapellneset. I 1854 vart denne avløyst av ei ny kyrkje på garden Røysa som ligg lengst nord på Raudeberg. Kapellet på Kapellneset vart då rive, og materialane vart selde og nytta som sjøbu på Moldøen. Dit drog også kyrkjeklokka som vart nytta som matklokke på handelsstaden på Moldøen.

På Kapellneset vart det i 1944 reist eit tårn til minne om den gamle kyrkjestaden, og då kom den gamle kyrkjeklokka på plass att i tårnet.

Raudeberg kyrkje frå 1854 vart totalskadd av brann i 1945. I 1960 vart det bygt ny soknekyrkje på branntufta. Arkitekt for denne kyrkja var Ole Halvorsen, og byggmeister Ivar Nord frå Nordfjordeid. Altartavla i kyrkja er frå 1960. Det er eit glasmåleri av Jørgen Skaare.

Eit minnesmerke over falne og eitt over omkomne på sjøen er reiste ved kyrkja.

Minnesmerket over omkomne på havet ved Nord-Vågsøy kyrkje. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Minnesmerket over omkomne på havet ved Nord-Vågsøy kyrkje. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.10.2011