Hopp til innhold
X
Innhald

Norum kyrkje

Norum kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norum kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norum kyrkje er soknekyrkje for Norane og vart bygd i 1863, men på Ølmheim har det vore kyrkjer heilt frå 1200-talet. Arkitekt for dagens soknekyrkje var Chr. H. Grosch. Byggmeisteren var den kjende Ola Olson Løken frå Eid. - Les eigen artikkel under Eid kommune: Kyrkjebyggjarane frå Eid).

Stavkyrkje på Ølmheim

Den første kyrkja på Ølmheim er omtala på 1300-talet. Dette var truleg ei stavkyrkje som var reist på 1200-talet. Kyrkjeskipet var reist av stavar, medan kortilbygget var tømra. Kyrkja hadde tårn i vestenden og våpenhus på eine sideveggen. Skipet målte 14 x 9 meter. Denne stavkyrkja brann i 1700 eller 1701 og vart då erstatta med ei korskyrkje som hadde plass til 100 menneske. Ho vart erstatta av dagens kyrkje i 1863, og nokre få rosemåla stokkar frå 1701-kyrkja er nytta opp att i tårnkonstruksjonen på dagens kyrkje.

Inventar og utstyr

Altartavla i Norum kyrkje er frå 1703 og er skoren av Michel Tarildsen. Altarlysestakane er frå 1702. Ei kyrkjeklokke, opphaveleg ei skipsklokke frå 1687, heng ved døypefonten og vert ringd med berre på julaftan.Votivskipet som heng under taket i kyrkjeskipet er frå før 1850, og eit måleri frå 1822 som tidlegare var altartavle, heng i kyrkja. Anna inventar og utstyr er frå byggjeåret eller seinare. Ei kyrkjeklokke frå 1709 er teken vare på i De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuséum.

Nær branntragedie

I 1989 slo lynet ned i kyrkjetårnet, og i uver og vind var det såvidt ein berga kyrkja frå å brenne ned.

Ved sida av kyrkja er det bygt eit eige hus med kapell og kjøkken. Her er også bårerom.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.08.2011