Hopp til innhold
X
Innhald

Ortnevik kyrkje

Ortnevik kyrkje skil seg ut med raudfargen og drakestilen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortnevik kyrkje skil seg ut med raudfargen og drakestilen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla er måla av Johan Tenold Tuxen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla er måla av Johan Tenold Tuxen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortnevik kyrkje vart bygd i 1925. Kyrkjegardstomta vart gjeven av Ole S. Brekke i 1915. Arkitekt for kyrkja var Lars Norevik, og saman med Emil Geithus var Norevik også byggmeister for kyrkja. Lars Norevik frå Hustavnes i Arnafjorden hadde gått på Holmøy Arbeidsskule i Nordfjord og var elles arkitekt for det staselege bustadhuset som kjøpmann Hjalmar Hovland fekk bygd nede ved kaia i Ortnevik. Norevik teikna også ungdomshusa i Ikjefjorden og på Nese i Arnafjorden. Kyrkja i Ortnevik er den einaste ”moderne” kyrkja i Sogn og Fjordane som har såkalla drakestil med drakehovud som avsluttar mønsåsane. Altartavla i Ortnevik-kyrkja er frå 1925 og måla av Johan Tenold Tuxen frå Vik. Det øvrige inventaret i kyrkja er også frå byggjeåret.

Mystisk steinhelle

På kyrkjegarden i Ortnevik, like ved inngangsdøra, ligg ei to meter lang steinhelle der det er hogge inn ein kross. Steinen var tidlegare brukt som dørhelle på det gamle ”Fastinghuset” som offisersfamilien Fasting bygde på garden sin i Ortnevik. Krossen vart oppdaga då ein snudde steinhella og såg kva som var hogge inn på undersida. Truleg er steinhella eit gravminne frå mellomalderen.

Dette biletet er frå det første bryllaupet i Ortnevik kyrkje, i byggjeåret 1925. Ingebjørg og Lars Brekke var dei første som vart vigde i kyrkja. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 31.08.2010