Hopp til innhold
X
Innhald

Øvresetkyrkja

På Breim har det også vore kapell på Øvreset, nemnt på 1500-talet. Dette skulle vere eit stabbur, som vart kjøpt og gjenreist på Asker Muséum. Dette «kapellet» har biletmotiv innvendes.

Øvreset ligg ved den gamle ferdslevegen over Utvikfjellet. Segna vil ha det til at Øvresetkyrkja skal ha vorte brukt av reisande som eit lite kapell der dei kunne framseie bøner før dei gav seg i kast med ferda over det verharde fjellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009