Hopp til innhold
X
Innhald

Reiv den gamle mellomalderkyrkja

Altartavla frå 1675 heng på Bergen Museum. Foto: Svein Skare © Bergen Museum.

Altartavla frå 1675 heng på Bergen Museum. Foto: Svein Skare © Bergen Museum.

Ein kvass kulturstrid både i Naustdal og på Vestlandet elles enda med at den gamle steinkyrkja i Naustdal vart riven i 1890. Slike valdsverk mot gamle kulturminne var sjeldne på den tida då det elles var nasjonal reising og ein sterk sans for kulturvern. Medan ein elles i landet søkte å restaurere og gjenreise falleferdige kyrkjer, reiv altså naustedølene mellomalderkyrkja si ned.

Hadde dette skjedd tidlegare på 1800-talet, kunne handlinga vore meir forståeleg fordi det då var meir i pakt med ”tidsånda”. Midt på 1800-talet kom nemleg Staten med krav om at soknekyrkjene måtte romme eit visst tal av innbyggjarane i sokna. Dette førte til at mange stavkyrkjer og andre eldre kyrkjebygg vart rivne for å gje plass til nye kyrkjer på tuftene. Til all lukke syrgde den historieinteresserte bispen i Bjørgvin, Jakob Neumann, for at svært mykje av den gamle kyrkjekunsten frå dei rivne mellomalderkyrkjene hamna på Bergens Muséum. Mannen som skipa Bergens Muséum, Wilhelm Frimann Koren Christie, fekk nemleg bispen med i det første styret, og Neumann sytte for at mellomalderkunst og -utstyr som låg lagra kringom i kyrkjene på Vestlandet vart sendt til det nye muséet. Difor har muséet i Bergen i dag den rikaste samlinga av kyrkjekunst frå mellomalderen i heile Nord-Europa, og ein del av denne samlinga skriv seg frå den gamle Naustdals-kyrkja.

Bygdestrid om kyrkjeriving

Midt på 1800-talet var det, som nemnt ovanfor, aktuelt å utvide steinkyrkja i Naustdal på nytt. Men etter kvart endra planane seg til at ein heller skulle rive steinkyrkja og byggje ei ny og større kyrkje i staden. Med Gunder B. Thune i spissen vart det sett i gang ein aksjon for å få rive mellomalderkyrkja slik det kunne byggjast ei ny og moderne kyrkje på same tufta.

Argumenta for riving og nybygg var først og fremst av praktisk og økonomisk art. Gunder B. Thune var på den tida ordførar i ”storkommunen” Førde, og han vart den først ordføraren i Naustdal då soknet vart skilt ut frå Førde som eigen kommune i 1896. Men Naustdals-bygda viste seg å vere kløyvd i synet på om ein skulle rive den gamle kyrkja for å gje plass til den nye. Det var for gale å rive ein så gamal og historisk verdfull bygning for å få plass til eit nybygg, meinte mange. I bygda vart det samla inn 400 kroner til kjøp og vern av steinkyrkja. Sokneprest Lars Peter Giil stilte seg i spissen for dei som var imot riving.

Også Selskabet til Fortidsminders Bevaring engasjerte seg og ville skyte til 500 kroner til kjøp og vern av gamlekyrkja, og Bergens Tidende støtta vernetanken på leiarplass. Det heile kom til å stå på om Stortinget ville løyve nok pengar til kjøp av kyrkja slik at den vart verna. På statleg hald stilte Kyrkjedepartementet seg positivt til å yte tilskot dersom bygda var nok sameint om at gamlekyrkja måtte vernast.

Men det økonomiske tilbodet frå Staten var etter kommunen si meining ikkje godt nok. Difor vedtok eit fleirtal i dåverande Førde kommunestyre at den gamle steinkyrkja skulle rivast. Og slik vart det.

Mykje av steinen i det gamle byggverket vart visstnok nytta i grunnmuren på den nye trekyrkja som vart bygd i 1890. Det einaste som er teke vare på frå gamlekyrkja er korbogen i kleberstein som i dag er inngangsportal til kyrkjegarden. Det var lenge skikk at brurepar skulle gå gjennom denne portalen i staden for å nytte den nye kyrkjegardsporten på nordsida.

Den rikt skorne altartavla frå 1675, måla av Caspare Skildrer Helvig i 1681-1682, og preikestolen med himling frå 1671 som stod den gamle steinkyrkja, er tekne vare på ved Bergen Muséum.

I 2001 freista kyrkjelyden å få tilbake den gamle altartavla og preikestolen frå muséet, men fekk avslag fordi fagfolka der meinte at mellomalderkunst lett kan ta skade av fukt og temperatursvingingar utafor muséumslokala.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2009