Hopp til innhold
X
Innhald

Sande kyrkje

Sande kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande kyrkje er bygd i 1864. Arkitekt var J. Lindstrøm. Byggmeister John Saftland. Altartavla er opphaveleg laga i 1620, men har fleire gonger vorte omarbeidd. Altarlysestakane er frå 1686. Ein Christian II.s Bibel i kyrkje frå 1550. Ei av kyrkjeklokkene er truleg frå 1200-talet. Kalk og disk er datert 1820. Anna utstyr er frå tida etter at kyrkje vart bygd. På Sande har det truleg stått ei stavkyrkje frå 1100-1200- talet, og ei seinare kyrkje frå 1620 til noverande vart bygd i 1864.

Synsk prest?

Sokneprest Micheal Schwartzkopf var prest i Gaular frå 1755 til han døydde og vart gravlagd ved Hestad kapell i 1762. Kyrkjelyden meinte det var rett å gravleggje presten der, for nokre år tidlegare hadde han i eit syne sett at eit ras skulle rive med seg Sande-kyrkja. Det gjekk 100 år før presten vart sannspådd: i 1861 rasa heile Sandabakke ut. Men kort tid i førevegen hadde bygdefolket bygd ein steinmur ovanfor kyrkja som skulle verne kyrkja i tilfelle ras. Tuna ovanfor kyrkja vart tekne av raset, men den nye kyrkjemuren kløyvde raset slik at kyrkja vart spart. Det vert fortalt at eit lite spebarn som låg i ei vogge vart berga frå raset. Dei fann vogga med barnet flytande på Steivatnet nedanfor Sande.

Prestegarden på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Prestegarden på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011