Hopp til innhold
X
Innhald

Solvorn kyrkje

Solvorn kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solvorn kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solvorn kyrkje bygt 1883. Arkitekt Waldemar Hansteen. Byggmeister Dr. Wulfsberg. Altartavle, preikestol og døypefont frå byggjeåret. To udaterte lysekruner skal ha vorte flytta frå kyrkja på Urnes. To kyrkjeklokker – den eine frå 1200–talet, den andre frå 1700–talet.

Marmorplate frå 1654 som låg i golvet i den tidlegare kyrkja som gravstein over grava til fut Simen Nielsen, står no i våpenhuset.

Walaker Hotell og ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum finst restar etter gamal stolinnreiing frå ei tidlegare kyrkje. «Syrgjefane» frå 1709 og måla glasruter frå 1618 finst på Bergen Museum.

Stavkyrkje i Solvorn

I Solvorn sto det fram til kring 1600 ei stavkyrkje som vert omtala så tidleg som på 1300-talet.

Kyrkje frå 1600-talet

Ei kyrkje frå ca. 1600 vart riven då noverande kyrkje vart bygt i 1883. Mykje av tømmeret frå gamlekyrkja vart brukt i det som no er Galleri Walaker 300.

gamlekyrkja i Solvorn. Teikning utlånt av Walaker Hotell.

gamlekyrkja i Solvorn. Teikning utlånt av Walaker Hotell.

Grunnmuren til den gamle kyrkja i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Grunnmuren til den gamle kyrkja i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Grunnmuren til den gamle kyrkja i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011