Sør-Vågsøy kyrkje

Kyrkja ligg like ved Måløybrua, ein del av gravplassen er under brua. Foto: Ottar Starheim.
Sør-Vågsøy kyrkje på Sæternes i Måløy vart bygd i 1907. Arkitekt var Lars Nilsson Sølvberg frå Utvik.
Altartavla frå 1907 er måla av Sveinung Aanondsen og er ein kopi av eit tavlemotiv av Adolph Tidemand. Glasmåleria på dei store vindauga i hovudskipet er frå 1952. Elles er inventaret i kyrkja frå byggjeåret eller seinare.

Frå vigslinga av Sør-Vågsøy kyrkje i 1907. Foto: Isak Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Eit minnesmerke med namneplate over omkomne på sjøen er reist ved inngangen til kyrkja. Kyrkja fekk tilbygg på sørveggen med møterom, garderobe og toalett i 2006.
I samband med bygging av Måløybrua på 1970-talet vart ein av berestolpane til brua sett ned på kyrkjegarden, og ein del av køyrebana på brua svingar inn over kyrkjegarden.
I tillegg til kyrkjegarden i Måløy er det gravstader både i Holvik og i Skavøypollen.

Sør-Vågsøy kyrkje innvendig. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.10.2011