Hopp til innhold
X
Innhald

St. Olafs kyrkje

St. Olaf Church. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

St. Olaf Church. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

St. Olafs kyrkje, Balestrand. Bygd 1897. Også kalla «Engelsk-kyrkja». Kyrkja er bygd som etterlikning av ei stavkyrkje.

St. Olafs kyrkje, Balestrand. Bygd 1897. Også kalla «Engelsk-kyrkja». Kyrkja er bygd som etterlikning av ei stavkyrkje.

Arkitekt Jens Zetlitz Kielland. Byggmeister Anders Korsvold, Eivindvik. Altertavle frå 1897 av Emma Pastor Normann. Glasmåleria som kransar det runde koret og anna utstyr, er frå byggjeåret eller seinare.

Tindeklatrar fekk bygd kyrkja

Ved inngangsdøra heng portrettmåleri av kvinna som sytte for at kyrkja vart bygd: Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894). Ho kom som tindeklatrar til Noreg i 1886, og i 1890 vart ho gift med hotelleigar Knut Kvikne. Før ho døydde av tuberkulose i 1894, fekk ho ektemannen til å love å byggje ei engelsk kyrkje i Balestrand. Med økonomisk hjelp m.a. frå to velståande amerikanske kvinner fekk Knut Kvikne bygd kyrkja.

Engelske prestar

Kyrkja vert i sommartida nytta av den anglikanske kyrkja, og det er prestar frå England som held preika. Dei arbeider gratis i to veker i «skiftet», mot fritt opphald på Kviknes hotell.

Underlagt biskopen av Gibraltar

Engelsk-kyrkja sorterer under biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011