Hopp til innhold
X
Innhald

Stavang kyrkje

Stavang kyrkje bygd 1957 etter at gamlekyrkja frå 1872 brann 1. juledag 1951.
Arkitekt Ole Halvorsen. Byggmeistrar Andreas Hjelmeland, Førde og Jan Arvidson, Bergen.

Altertavle frå 1957, glasmåleri av Egill Rognaldsen. Tidl. altertavle frå 1899 av Joh. Christensen er berga frå kyrkja som brann, saman med nattverdsutstyr frå 1873. Øvrig inventar frå byggjeåret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007