Hopp til innhold
X
Innhald

Stavkyrkje på Årdalstangen

Altarfrontal frå stavkyrkja på Årdalstangen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarfrontal frå stavkyrkja på Årdalstangen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skåp frå 1200-talet på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skåp frå 1200-talet på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

På Årdalstangen har det tidlegare stått ei stavkyrkje som truleg vart bygd på 1100-talet. Runeinnskrifter kan tyde på det. Stavkyrkja er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1323 i samband med gravsteinen til presten Dagfinn.

Stavkyrkja på Årdalstangen hadde 16 stavar/søyler i eit skip som målte 16x7 meter og i koret på 5,4x4,8 meter. Kyrkja hadde svalgangar slik som på Borgund stavkyrkje. Desse vart innkledde kring 1720.

Stavkyrkja hadde døypefont ved inngangsdøra og nokre enkle benkar langs veggane for gamle og sjuke. Resten av kyrkjelyden måtte stå under heile preika. Ein frittståande klokkestopul vart bytt ut med eit klokketårn på sjølve kyrkja på 1600-talet.

Ved Bergen Muséum er det teke vare på tre flotte altarfrontalar (bilettavler) frå denne stavkyrkja. Frontalane skriv seg frå 1300-talet. På Bergen Muséum finst også ein altarbaldakin frå 1250 og ein portal, ei kyrkjedør og eit skåp frå 1200-talet, samt ei altartavle og ein preikestol frå 1616.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011