Hopp til innhold
X
Innhald

Stedje kyrkje

Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje kyrkje vart bygd i 1867. Arkitekt var Chr. Christie. Christie teikna også sine karakteristiske ”Christie-kyrkjer” for Holmedal i Askvoll, Steine i Balestrand, Årdalstangen kyrkje, Hauge kyrkje i Lærdal og Borgund nye kyrkje. Byggmeistrar for Stedje-kyrkja vart Aghte og Gade.

Altartavla frå 1891 er ein kopi av dansken Carl Blochs motiv av den trøystande Kristus. Det er uvisst kven som har måla denne kopien. Same motiv er kopiert på altartavler i Eid og Naustdal kyrkjer. Eit krusifiks av Brynjulf Bergslien stod opphaveleg på altaret, men vart flytta då tavla kom på plass. Preikestolen i kyrkja er frå byggjeåret. Døypefonten er frå mellomalderen. Koret er pryda med fem glasmåleri.

Stedje kyrkje 13. august 1905. Denne dagen var det røysting over om unionen med Sverige skulle oppløysast. 677 av dei 706 røysteføre møtte opp, berre to av dei gjekk imot oppløysing av unionen. Foto: Nils O. Reppen. © Fylkesarkivet.

Tre kyrkjeklokker

Anna interiør: To lysestakar frå 1619, nattverdsutstyr frå 1680, lysekrune frå 1672, tre kyrkjeklokker - ei frå før 1400 (veg over 1.100 kilo), ei frå 1584 og ei datert 1832.

Runestein ved Stedje kyrkje

Ved Stedje kyrkje står ein gamal runestein.

Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Funn frå vikingtida

I samband med utviding av kyrkjegarden på 1990-talet vart det funne mange gjenstandar frå vikingtida - m.a. restar etter ei gamal vevstove.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 17.08.2011