Hopp til innhold
X
Innhald

Steinkyrkje frå 1150

Den gamle steinkyrkja i Naustdal. Teikning av J. Stolz i 1875.

Den gamle steinkyrkja i Naustdal. Teikning av J. Stolz i 1875.

Dei fleste historikarar meiner no at storgarden Naustdal var sete for den mektige Naustdalsætta i høgmellomalderen. – Les meir om Naustdalsætta under Historie. Like ved gardstunet i Naustdal har ein funne spor etter store naust for leidangsskip, og på høgste punktet ved fjorden låg den gamle steinkyrkja som vart bygd ca. 1150. Sidan det på denne tida truleg budde mektige og rike slekter i Naustdal, er det truleg at steinkyrkja i utgangspunktet vart bygd som ei privatkyrkje for storfolket på garden. Den første Naustdals-kyrkja var ei av i alt 13 steinkyrkjer som ein kjenner til vart bygde i Sogn og Fjordane i mellomalderen. Kyrkja var prydd med fint steinhoggararbeid i unggotisk stil med eit tidstypisk sikksakkmønster. Det er ikkje usannsynleg at ein del av dei finaste steinarbeida er gjort andre stader i landet, og så frakta til Naustdal som ”prefabrikerte” bygningselement. Steinkyrkja i Naustdal målte frå starten av berre 12 x 9 meter utvendig, og med tjukke steinveggar skjønar ein at kyrkjerommet ikkje kunne vere stort meir enn kring 9 x 6 meter. Kyrkja vart seinare utvida slik at ho i ein rapport i 1686 vert omtala som 30 meter lang og 13 meter brei. Det var sitjeplass til 363 menneske i den utvida kyrkja. Folkemengda fekk ein plass til ved at det vart bygt galleri både bak i kyrkja og fram langs heile nordveggen. Hovudinngangen var midt på sørveggen. Steinhoggararbeidet i dørbogar, vindauge og i hjørna var utført i kleberstein. I 1890 vart denne mellomalderkyrkja riven for å gje plass til ny kyrkje. - Les meir om striden kring rivinga i eigen artikkel nedanfor.

Korbogen frå den gamle steinkyrkja er brukt som inngangsportal til kyrkjegarden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Korbogen frå den gamle steinkyrkja er brukt som inngangsportal til kyrkjegarden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sokneprest og fut kjøpte kyrkjer

Etter den store nordiske krigen frå 1709 til 1719 sat den dansk-norske kongen i stor gjeld, og frå 1721 selde han 600 kyrkjer og jorda som høyrde til. Soknepresten i Førde, Hans Hammond, kjøpte dei fire kyrkjene i prestegjeldet – Vevring, Naustdal, Førde og Holsen for til saman 1120 riksdalar. Med kyrkjene fylgde det store tiendinntekter, og kyrkjer var såleis rekna som gode investeringsobjekt for dei som ville leggje seg opp gods og gull. Kring 1748 overtok fut Hans Thiis Nagel dei to kyrkjene i Vevring og Naustdal med tilhøyrande jordegods. Etter fleire eigarskifte, vart kyrkjene i både Naustdal og Vevring selde til lokale folk frå bondestanden i åra etter 1780. I Naustdal vart kyrkje selt til kommunen i 1856, for då var alt planane om utviding av kyrkja i gang.

Reiv den gamle mellomalderkyrkja

Ein kvass kulturstrid både i Naustdal og på Vestlandet elles enda med at den gamle steinkyrkja i Naustdal vart riven i 1890.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.12.2010