Hopp til innhold
X
Innhald

Totland kyrkje

Totland kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland kyrkje vest for Bryggja vart bygd 1912. Arkitekt var Lars Nilsson Sølvberg frå Utvik.

Altartavla frå 1912 er måla av miss F. Howarth, og ramma er skoren av den kjende treskjeraren og rosemålaren Lars Kinsarvik, som m.a. også har dekorert kyrkjene i Rugsund og på Nordfjordeid. Kinsarvik har også dekorert preikestolen, benkestolpane og gallerifronten i Totland-kyrkja.

Før Totland-kyrkja vart bygd i 1912, sokna folket på nordsida av fjorden til Rugsundkyrkja; d.v.s. øyane i Fåfjorden, Almenning, Totland, Bryggja og Maurstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010