Hopp til innhold
X
Innhald

Vangsnes kyrkje

Vangsnes kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes kyrkje vart bygd i 1861. Arkitekt var Henrik Nissen. Byggmeister A. A. Åse. Altartavle er frå 1891 og måla av Christen Brun. Preikestol og det meste av inventaret frå byggjeåret eller seinare.

Stavkyrkje på Vangsnes

På Vangsnes stod det tidlegare ei stavkyrkje frå 1100-talet. Den vart riven i 1861 for å gje plass til den nye kyrkja som ligg på høgdedraget eit stykke ovanfor kjempestatuen av vikinghovdingen Fridtjof den frøkne. Ei lysekrune og eit måleri frå den gamle stavkyrkja finn ein no i dagens kyrkje på Vangsnes

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011