Hopp til innhold
X
Innhald

Vevring kyrkje

Vevring kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevring kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevring kyrkje vart bygd i 1846. Arkitekt var Hans D.F. Lindstow, og byggmeistrar var Jakob Høyvik og Bendix Johannessen Grytten. Altartavla i Vevrings-kyrkja frå ca. 1510 er eit såkalla altarskåp med hengsla sidefelt. Altarskåpet er laga i Lübeck. På utsida av desse dørene er det måla to heilagmenn som skal forestille martyrane St. Georg og St. Maurutius. Innvendes er det svært forseggjort med utskorne figurar i midtfeltet og vakre biletfelt på sidefelta. I fagspråket er skåpet ei såkalla Maria-tavle med før-reformatorisk utforming. Skåpet er plassert på ein sokkel som er laga lokalt og som er prydd med Kristus-bilete og englar. Over altarskåpet er det plassert eit krusifiks som også er laga lokalt. Altarlysestakar i kyrkja er frå 1707, og kalk og disk frå 1686.

I kyrkja heng det fire portrettmåleri frå ca.1680 som viser prestar og prestefruer. To av dei er portrett av den mektige og rike presten Anders Grytten og ektemaken Maren f. Munthe.

Vevring kyrkje pynta til fest i 1914, truleg for å feire 100 år med grunnlov. På begge sider av altartavla heng portrettmåleri. Foto: Olai Fauske. Eigar: Johannes Thingnes.

Vevring kyrkje pynta til fest i 1914, truleg for å feire 100 år med grunnlov. På begge sider av altartavla heng portrettmåleri. Foto: Olai Fauske. Eigar: Johannes Thingnes.

Vevring-kyrkja er ei av dei få i fylket som er utstyrte med eit såkalla votivskip. Det er nemninga på modellar av krigsskip som vart hengde opp i kyrkjene som eit slags symbolsk vern for kyrkje og kyrkjelyden. Votivskipet i Vevring er ein kopi av krigsskipet ”Najaden” og vart hengd opp i 1984.

Då den dansk-norske kongen i 1721 kom i pengenaud og auksjonerte bort 600 norske kyrkjer med tilhøyrande gods, var det soknepresten i Førde, Tomas Hammond, som fekk tilslaget på kyrkjene i Vevring, Naustdal, Førde og Holsen for 1.120 riksdalar. Seinare kom Vevring-kyrkja i eiga til den søkkrike Svanøy-futen Hans Thiis Nagel.

I 1783 kjøpte gjestgjevaren i Sjøahola i Førde, Elias Hjorthol, kyrkja, og sidan var det fleire eigarskifte før Vevring kommune overtok kyrkja i 1886 frå landhandlar Hans Johannes Brun i Aurland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2010