Hopp til innhold
X
Innhald

Vik prestegard på muséum

Vik prestegard slik han såg ut før flyttinga til Kaupanger. Foto: O. P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik prestegard slik han såg ut før flyttinga til Kaupanger. Foto: O. P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Den gamle prestegarden frå Vik, bygd kring 1760, truleg av prost Jonas Daae (1717-1777), kan du i dag sjå på De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen. Det tømra huset er bygd i ein etasje med loft og er kring 24,5 meter langt og 7,7 meter breitt. Huset har ei grunnflate på 188 kvadratmeter.

Huset vart brukt som prestebustad i Vik fram til kring 1930. I 1949 vart prestegardshuset flytta til De Heibergske Samlinger.

I det gamle prestegardstunet i Vik stod det til saman 18 hus.

Prestegardshuset frå Vik på Sogn Folkemuseum. Her er huset framleis under oppbygging etter flyttinga frå Amla til Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Prestegardshuset frå Vik på Sogn Folkemuseum. Her er huset framleis under oppbygging etter flyttinga frå Amla til Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleire hus frå Vik på muséet

Nokre av dei eldste bygningane på Sogn Folkemuséum kjem frå Vik: Geithusbui er frå Arnafjord. Bua vart bygd i 1596. Bergheimstova frå Feios var bygd i 1550-1600, og Stavedalsstova frå Vik er frå 1600-talet.

Stavedalsstova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stavedalsstova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Geithusbui frå Arnafjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Geithusbui frå Arnafjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimstova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimstova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011