Hopp til innhold
X
Innhald

Den norske Sjømannsmisjon

Sjømannsmisjonen i Vik samla framfor prestebustaden 29. mai 1953. Foto frå Pridlao. Eigar: Anna Hove Vange/Vik lokalhistoriske arkiv.

Sjømannsmisjonen i Vik samla framfor prestebustaden 29. mai 1953. Foto frå Pridlao. Eigar: Anna Hove Vange/Vik lokalhistoriske arkiv.

Den norske Sjømannsmisjon vart skipa av presten J.C.H. Storjohann i 1864.

Han hadde m.a. arbeidd som «fiskeriprest» under vårsildfisket kring Kinn i Sunnfjord, og var sterkt påverka av teologiprofessor og og grunnleggjar av Lutherstiftelesen, Gisle Johnson, som hadde vore læraren hans på universitetet.

Den norske Sjømannsmisjon har status som Den norske kyrkja i utlandet, og kyrkjelydane står under tilsyn av biskopen i Bjørgvin. Sjømannsmisjonen (no Sjømannskirken) har kring 1300 aktive lag i heile landet (2005), og har hovudkontor i Bergen.

Sjømannsmisjonen opna dei første sjømannskyrkjene i Lieth og Antwerpen i 1865. Sjømannsmisjonen driv 45 stasjonar. Av desse er 24 tradisjonelle sjømannskyrkjer. Organisasjonen driv også presteteneste på vegner av Den norske kyrkja til utanlandstudentar og norske forretningfolk og hjelpearbeidarar i utlandet.

Sidan 1979 har Sjømannsmisjonen satsa sterkt på bygging av kyrkjer for norske turistar i Syden, og har i 2005 sju sjømannskyrkjer i Spania og ei i Aten. I 1982 starta Sjømannsmisjonen opp ei ambulerande presteteneste for norske oljeinstallasjonar i Nordsjøen.

I 2003 vart organisasjonsnamnet endra til Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet.

Frå 100-årsmarkeringa til sjømannskyrkja i New Orleans. Foto: Helge Helgheim, NRK.

Frå 100-årsmarkeringa til sjømannskyrkja i New Orleans. Foto: Helge Helgheim, NRK.

Sjømannsforeningane står sterkt

Den norske Sjømannsmisjon står framleis svært sterkt i Sogn og Fjordane. - Særleg i kystbygdene, der «sjømannsforeninga» med sine årlege basarar er eitt tav dei mest sentrale innslaga i bygdelivet. Sjølv om organisasjonen er sterkt knytt til Den norske kyrkja, og har utgangspunktet sitt i «misjonen» er det vanlege lagsarbeidet lite prega av dette, noko som også den folkelege nemninga «sjømannsforening» ber bod om.

I 2004 hadde Sogn og Fjordane 49 lokallag som er organiserte i eigen krins, med sekretariatfunksjonar knytt til hovudkontoret i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015