Hopp til innhold
X
Innhald

Det Norske Misjonsselskap

Hans P. S. Schreuder frå Sogndal var den første misjonæren.

Hans P. S. Schreuder frå Sogndal var den første misjonæren.

Det Norske Misjonsselskap vart skipa i Stavanger i 1842. Selskapet er konfesjonelt luthersk og har sterk tilknyting til Den norske kyrkja gjennom Samarbeidsrådet for menighet og misjon, skipa 1984.

Den første norske misjonæren var presten Hans Paludan Smith Schreuder frå Kjørnes i Sogndal, som reiste til Afrika i 1844, og som etter ein konflikt med misjonsselskapet braut ut og skipa sin eigen Schreudermisjon i 1872.

Misjonsprestane som sidan 1859 har utdanna seg ved Misjonsskolen i Stavangar, vert ordinerte i Den norske kyrkja. Då Kinamisjonen (sjå denne) ikkje fekk ordinere sine prestar i kyrkja, var dette medverkande til striden som førde til kløyvinga i 1898 i indremisjonen, då Det vestlandske indremisjonsforbund braut ut av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap. I 1999 talde Det Norske Misjonsselskap kring 5000 lokalforeningar. Det driv kring 20 leirstader og er medeigar i fleire vidaregåande skular og Norsk Lærarakademi i Bergen.

Landskjende misjonærar frå Sogn og Fjordane

Dei viktigaste misjonsmarkene for Det Norske Misjonsselskap har vore Madagaskar og andre land i det sørlege Afrika, men også i Kina (frå 1902), Hong Kong(frå 1948), Taiwan, Japan, Thailand, Mali, Pakistan, Midtausten, Etiopia, Kroatia, Frankrike og Brasil har det vore drive misjonsarbeid. Fleire misjonærar frå Sogn og Fjordane har vorte landskjende. Du kan lese meir om desse i biografiane om dei under fødekommunen:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015