Hopp til innhold
X
Innhald

Kristne rørsler og org. i Sunnfjord

Dette huset i Store Høydal var ein av samlingsstadene for haugianarane i Sunnfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset i Store Høydal var ein av samlingsstadene for haugianarane i Sunnfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haugianarane i Sunnfjord

Svanøy hovudgard i Flora vart eit hovudsete for den kristne lekmannsrørsla som Hans Nielsen Hauge stod i brodden for frå slutten av 1700-talet - sjå Haugianarane på Svanøy. Frå «brørne» på hovudgarden og bukollektivet og den mangslungne verksemda som hauginarane skapte der, breidde Hauge-rørsla seg til bygdene kring Førdefjorden og til Kinn prestegjeld. Hauge rekrutterte nokre av dei viktigaste reisepredikantane sine mellom haugianarane frå desse Sunnfjord-bygdene. Hauge-rørsla fekk derimot svakt fotfeste i bygdene kring Dalsfjorden.

Dette «åndsskiljet» mellom dei sørlege og nordlege bygdene i Sunnfjord skulle på slutten av 1800-talet føre til ei kløyving av indremisjonen i Sunnfjord: Dei nordlege bygdene gjekk inn i Det norsk lutherske Indremissionsselskap, medan dalsfjordingane og delvis folk i Askvoll og i Bremanger gjekk inn i det strengt pietistiske Vestlandske Indremisjonsforbund. – Sjå nedanfor. – Les elles artiklar og biografiar om haugianarane under Flora kommune, Naustdal kommune, Gloppen kommune og Luster kommune.

Indremisjonen i Sunnfjord

Indremisjonen i Sunnfjord

Teologiprofessoren Gisle Johnson (1822–1894) fekk mykje å seie for den pietistiske delen av kristenlivet i Noreg frå midten av 1800-talet og utover.Han vart den første leiaren i Den Norske Lutherstiftelsen – seinare kjend som indremisjonen – då den vart skipa i 1868. I Sunnfjord fengde Johnson-vekkjinga sterkast i Kinn og Førde prestegjeld – d.v.s. dei nordlege bygdene i Sunnfjord – ikkje minst takka vere ”fiskeriprestane som vart sende til fiskerværa i Sunnfjord under vårsildfisket:

Dei store samlingane av fiskarar under vårsildfisket kring Kinn midt på 1800-talet vart flittig brukt som arena av både prestar og predikantar som var tilhengarar av den pietistiske og strengt lutheranske Johnson-læra. Johnson-prestane si forkynning var på mange vis ei vidareføring av Hans Nielsen Hauge si forkynning som sunnfjordingane kjende frå før. På 1870-talet tok sokneprestane Ernst Fredrik Eckhoff (1823–1896) og Johan Fritzner Greve (1832–1907) med seg Johnson-vekkjinga til høvesvis Gaular og Jølster.

Første indremisjonslaga

Første indremisjonslaga

Det første indremisjonslaget i Sunnfjord vart skipa i 1865 av folk frå Kinn og Bremanger prestegjeld og Vevring sokn i Førde prestegjeld - d.v.s. kjerneområdet til haugianarane i Sunnfjord.

Ein sentral person i dette første laget var kremmaren på handelsstaden og skysskiftet Furesund ved Florø, H. M. Dahl. Den første indremisjonsemissæren i Sunnfjord var ein romsdøl: Haugianarane i Sunnfjord og Romsdal hadde frå gamalt av hatt nær kontakt med mange inngifte. Hans Nielsen Hauge fekk nemleg eigenhendig arrangert fleire ekteskap mellom venene sine, og mang ein romsdøl vart sveisa saman med ein sunnfjording av Hauge.

- Det var difor ikkje unaturleg at den første reiseemissæren som vart tilsett i Sunnfjord i 1865 vart Fredrik Aandahl frå Grytten i Romsdal, ein mann med sterkt tilknyting til Hauge-rørsla.

Søndfjord Fællesforening

Søndfjord Fællesforening av den indre Mission vart skipa på eit møte i Dale i 1886. Foreninga vart innmeld i Lutherstiftelsen, og heilt fram til 1904 var det prestane som var leiarar i Søndfjord Fællesforening. Då kom det nærmast eit opprør i krinsen mot «presteveldet», og lekfolket tok over styringa.

11 lag var med på skipinga av fellesforeninga i 1886: :Jølster Forening :Indre Holmedal (Gaular) :Førde Forening :Nøstdal Forening :Vevring Forening :Holsen Forening :Haukedalen Forening :Kinns Forening :Askevolds Forening :Dale Forening :Guddalen Forening

Sundagsskular og NKUF

Fleire lokallag hadde drive sundagsskule før Søndfjord Fællesforening for den indre Mission vart skipa i 1886. I 1867 skipa presten Peter Lorentzen Hærem (1840–1878) den første kristlege ungdomsforeninga i landet: Christiania ynglingeforening. Dette var same mannen som stod i brodden for skiping av pietistiske, lutherske folkehøgskular i Noreg som motvekt mot dei frisinna grundtvigianske skulane. Han søkte kontakt med andre teologar, mellom desse venen Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal, som skipa Sogndal folkehøgskule i 1871.

I 1880 slutta «ynglingeforeningane» seg saman til ein landssamskipnad som fekk namnet Norges kristelige ungdomsforbund - NKUF. I Sunnfjord er dei første kjende ynglingeforeningane å finne i Vevring og Kvellestad krinsar i 1888. I 1885 vart det skipa ein felles samskipnad for ynglingelaga i Fjordane som slutta seg til NKUF. Sunnfjord og Nordfjord delte seg i eigne krinslag i 1908.

I 1965 fekk Sunnfjord indremisjon hand om ein eigedom ved Høydalsfjorden i Flora kommune, og Teigen leirstad for ungdom vart opna der i 1968. Det første bygget var eit hus som vart flytta frå Sunnfjord Ungdomsskule i Førde, og seinare er Teigen bygd ut med fleire hus og hytter. - Les elles om Jens Vangsnes ( sjå denne under Kjende personar i Vik fødde år 1875-1900)

Teigen leirstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Teigen leirstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigen ungdomsskule

Haugianaren Torbjørn Horten tok kring 1890 opp tanken om å få skipa ungdomsskule i Sunnfjord. Han hadde kome til Sunnfjord som såkalla bibelbod – reiseemissær – for Lutherstiftelsen. I 1892 skipa indremisjonslaga i Sunnfjord «Ungdomsvennernes Forening» som samla inn pengar for å få bygd ein ungdomsskule.

I 1902 vart Sunnfjord Ungdomsskule starta i Naustdal, og i 1909 flytta til Solvang i Førde. Søndfjord Fellesforening for den indre Mission bytte namn til Sunnfjord krins av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap i 1913.

Sunnfjord Folkehøgskule i Førde heitte opphaveleg Sunnfjord Ungdomsskule og vart reist av indremisjonslaga i Sunnfjord. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Sunnfjord Folkehøgskule i Førde heitte opphaveleg Sunnfjord Ungdomsskule og vart reist av indremisjonslaga i Sunnfjord. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Vestlandske Indremisjon og kløyvinga i Sunnfjord

Holmedal Forening var det einaste lokallaget som ikkje gjekk med i Søndfjord Fællesforening for den indre Mission då dette regionlaget vart skipa i Sunnfjord i 1886.

Denne «åleinegangen» skulle også vere opptakten til at indremisjonen i Sunnfjord noko seinare kløyvde seg: Medan dei fleste indremisjonslkaga i Sunnfjord vart medlemmer i Lutherstiftelsen - Det norsk lutherske indremisjonselskap - valde Dalsfjorden og Bremanger fellesforening å melde seg inn i det meir konservative Vestlandske Indremisjonsforbund då det vart skipa i 1898.

Bakgrunnen for denne kløyvinga var at Dalsfjord-området ikkje kom med i Hauge-rørsla slik tilfellet var i dei nordlege og indre Sunnfjord-bygdene.

Det var først og fremst ein tilflytt lærdøl, Anders Nordstrand, som fekk dalsfjordingane til å velje Vestlandske Indremisjon. og ikkje Lutherstiftelsen: Nordstrand var påverka av Jakob Traasdahl i Bergens indremisjon, som seinare fekk skipa Vestlandske Indremisjonsforbund som ei konservativ utbrytargruppe frå resten av den norske indremisjonen.

På oppmoding frå Nordstrand fekk Traasdahl sendt emissæren Anders Haavik til Holmedal. Dette førde til skipinga av Holmedals Sogn Indremissionsforening i 1878. I Bergen fekk til og med dette laget ei eige støtteforening - «Støttelag for Søndfjord» - skipa av den tidlegare Gaular-presten Ernst Fredrik Eckhoff, som då var flytta til Bergen. Denne Bergens-gruppa sette inn ein Sunnfjord-offensiv m.a. med å sende reisetalar til Askvoll. Der vart det konfliktar mellom det gamle misjonslaget i bygda og tilhengarane av «Bergens-forkynnarane». Utfallet av striden vart skiping av eit nytt misjonslag i Askvoll i 1892, slik at det vart to konkurrerandde misjonslag i bygda.

Noko av det same hende i Bremanger: I 1902 braut misjonslaget der ut frå Søndfjords Fællesforening og slo seg saman med Holmedal-foreninga i «Dalsfjorden og Bremanger Fællesforening for Indremissjonen» som så melde seg inn i Vestlandske Indremisjonsforbund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2011