Hopp til innhold
X
Innhald

Johnson-vekkjinga og indremisjonen

Teologiprofessoren Gisle Johnson (1822–1894) kom frå Østfold, med ætterøter på Island. Han fekk mykje å seie for den pietistiske og lågkyrkjelege delen av kristenlivet i Noreg frå midten av 1800-talet og utover – også i Sogn og Fjordane.

I skrifter og som reisetalar – m.a. i Sogn - bygde han ein motkultur til den meir «frilynde» grundtvigianismen. Johnson var streng lutheranar. I 1853 var han med på å skipe ei av dei første indremisjonsforeningane i Noreg: «Foreningen for den indre Mission i Christiania» i Oslo. Same året vart det skipa ei forening i Skien. Indremisjonen vart i 2001 slegen saman med Den norske santalmisjon til Landsmisjonen, som i 2001 talde 60.000 medlemmer i 22 krinsar med i alt 3000 lokalforeningar.

Linene frå Hauge til Johnson

Johnson-vekkjinga fengde sterkt i Sogn og Fjordane – særleg i bygdemiljø der haugianarane hadde fått godt fotfeste. For sjølv om Johnson var akademisk utdanna prest og professor, så appellerte den strenge forkynninga hans sterkt til den pietistiske lekmannsrørsla som var sprungen ut av Hans Nielsen Hauge si lære.

Fleire av dei såkalla «fiskarprestane» som årleg vart sende til Kinn for å assistere under det rike vårsildfisket når titusental fiskarar samlast i væra, var tilhengarar av Johnson si lære og hadde studert under han på fakultetet.

Ein av desse var J.C.H. Storjohann som seinare grunnla Den norske Sjømannsmisjon i 1864.

Ein annan var Carl Breien, som var med og skipa eitt av dei første indremisjonslaga i Drammen i 1860. Breien var prest i Kinn 1862–1863 og i Innvik 1864–1865 og vart kjend som ein av dei fremste tilhengarane av Gisle Johnson si «lære».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015