Hopp til innhold
X
Innhald

Kløyving og Vestlandske Indremisjon

Gisle Johnson stod i brodden då dei norske indremisjonslaga skipa Den Norske Lutherstiftelse i 1868, og han var leiar for styret den første tida.

På slutten av 1800-talet var det skipa fleire grupperingar som dreiv misjonsarbeid i Noreg, og på 1890-talet var det difor mange som ivra for opprydding og at organisasjonane samla seg i ein «Landsindremisjon».

Det vart halde store møte om saka fleire stader i landet, men Bergen indremisjon trekte seg og skipa nærmast som ei utbrytargruppe Det Vestlandske Indremisjonsforbund i 1898. Det viktigaste stridsemnet som førde til kløyving, var Vestlandske sin motstand mot at berre prestar i Den norske kyrkja skulle gje nattverd. I denne og andre saker var Vestlandske meir lekmannsorientert enn Det norsk lutherske Indremisjonsforbund: I Vestlandske står lekfolk for nattverden på vanlege lagsmøte, men medlemmene i Vestlandske har ikkje gått så langt at dei har meldt seg uav statskyrkja.

Ei anna sak som tirra vestlendingane til å bryte ut i 1898, var at Kinamisjonen (internasjonal organisasjon frå 1865 som skipa norsk avdeling i 1889) ikkje fekk ordinere misjonærane sine i norske kyrkjer, slik Den norske Santalmisjon (skipa 1867) fekk.

Odd Sverre Hove var først pros i ytre Sogn, seinare vart han redaktør i avisa ”Dagen”.

Odd Sverre Hove var først pros i ytre Sogn, seinare vart han redaktør i avisa ”Dagen”.

Eiga avis: «Dagen»

I 1919 starta misjonsfolket på Vestlandet avisa «Dagen» i Bergen. Bak avisa stod først og fremst menn frå Vestlandske Indremisjonsforbund og nokre frå Kinamisjonen (seinare kalla Misjonssambandet). Nils Lavik vart første redaktør 1919–1952, etterfylgd av den markante samfunnsdebattanten og presten Arthur Berg 1952-1986, deretter Finn Jarle Sæle og tidlegare prost i ytre Sogn, Odd Sverre Hove. Hove har markert seg m.a. i abortmotstanden saman med Børre Knudsen.

«Dagen» fekk stor utbreiing i Sogn og Fjordane, og satsa ei tid mykje på å dekkje hendingar i nordfylket. M.a. var journalist Ludvig Jerdal fast utsend for å dekkje fylkestinga i Sogn og Fjordane.

Normisjon

Normisjon vart skipa i 2001 ved samanslåing av Det norsk lutherske indremisjonsselskap og Den norske santalmisjon. I Sogn og Fjordane førde dette til at det i heile Sogn og i Dalfjorden og Bremanger i Sunnfjord no er to misjonsorganisasjoner som arbeider i den same misjonsåkeren: Normisjon og Det vestlandske indremisjonsforbund. Det siste har frå 2000 heitt berre Indremisjonsforbundet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2011