Hopp til innhold
X
Innhald

1964 viktig vegår i Gulen

Leversund bru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leversund bru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1964 vart eit viktig år for landverts kommunikasjon i Gulen, for då vart fleire lokale vegar knytte saman til eit samanhengande riksvegnett ved at brua og Leversundet ved utløpet til Austgulefjorden vart opna.

Leversundbrua (152 meter) saman med m.a. eit par tunnelar - Undaltunnelen (590 meter) og Lundtunnelen (147 meter) - gjorde at det vart samanhengande riksveg (riksveg 57) mellom ferjeleiet på Halsvik ved Fensfjorden og ferjeleiet i Rutledal ved Sognefjorden. (Sløvåg avløyste noko seinare Halsvik som ferjestad på sørsida).

Samstundes vart vegnettet frå Leversund via Oppdalsøyra på austsida av Austgulefjorden og vidare over Takledalen til Brekke opna. Ferja Brekke-Lavik starta i 1965.

Alt i 1812 fekk prost Niels Griis Alstrup Dahl bygt den første ridevegen over Takledalen, men den forfall raskt. Brekke kommune tok alt i 1938 opp arbeidet med å få bygt bilveg over Takledalen. Ny veg frå Takle til Rutledal var også ferdig i 1964.

Les meir om vegar i Gulen

Undaltunnelen var ferdig i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Undaltunnelen var ferdig i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2012