Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Årdal Billag

Emblemet til Årdal Billag med dei mange svingane på Tyinvegen finst framleis på skysstasjonen i Øvre Årdal, sjølv om billaget no er ein del av Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Emblemet til Årdal Billag med dei mange svingane på Tyinvegen finst framleis på skysstasjonen i Øvre Årdal, sjølv om billaget no er ein del av Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Årdal Billag vart skipa i 1934 med kommunen som hovudaksjonær. Billaget tok seg av trafikken lokalt i Årdal og rutene over fjellet mot Tyin og Valdres, og hadde også drosjer. Billaget dreiv også verkstad og bygde rutebilstasjon.

Sjåførar i Årdal Billag oppstilte framfor ein av bussane på den gamle rutebilstasjonen på Farnes-sida av elva. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Sjåførar i Årdal Billag oppstilte framfor ein av bussane på den gamle rutebilstasjonen på Farnes-sida av elva. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

I 1985 starta ekspressbussruta Valdresekspressen mellom Årdal og Oslo. Dette var ei av dei første ekspressbusrutene i landet.

Bussane til Årdal Billag var lakkerte i gult og raudt. Her er ein av bussane på Dalaker i Seimsdalen. © Årdal Sogelag.

Bussane til Årdal Billag var lakkerte i gult og raudt. Her er ein av bussane på Dalaker i Seimsdalen. © Årdal Sogelag.

I 1993 gjekk Sogn Billag inn som 66 prosents eigar av Årdal Billag samstundes som dei overtok all køyring som det lokale billaget dreiv. Sjåførane og bilmateriellet gjekk over til Sogn Billag. Frå 2002 vart Sogn Billag og morselskapet Fylkesbaatane ein del av Fjord 1-konsernet og fekk namnet Fjord1 Sogn Billag.

I dag er A/S Årdal Billag eit reint eigedomsselskap som m.a. leiger ut verkstaden til bilforhandlaren Indre SognBil. I 2011 kjøpte Indre SognBil heile den tidlegare billagsbygningen.

Ein av dei 350 bussane til Fjord1 på fv 53 mellom Øvre Årdal og Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av dei 350 bussane til Fjord1 på fv 53 mellom Øvre Årdal og Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011