Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Vadheims Automobilselskap

Vadheim fekk nei til eige bilselskap i 1914. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim fekk nei til eige bilselskap i 1914. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordenes Automobilselskap var ikkje det einaste lokale selskapet som freista å få hand om den lønsame turisttrafikken mellom Vadheim og Sandane. I mars 1914 skipa fem menn frå Kyrkjebø kommune A/S Vadheims Automobilselskap.

Dei fem var Nils Vattekar, Knut Hovland, lensmann M. Sørbotten, Anders Klævold og O.N. Hovland. Fleire av desse hadde vore vognmenn, som året før hadde møtt sterk konkurranse frå den nye ruta til Fjordenes Automobilselskap. No ville dei svare på tiltale, og søkte om å få starte konkurrerande sommarrute med to bilar. Dei hevda også at dei med overlegg var haldne utanfor då Fjordenes Automobilselskap vart skipa.

Men fylkesvegstyret avslo søknaden. Vadheim-selskapet vende seg då direkte til fylkestinget, der dei hadde ein varm talsmann i ordførar Anders H. Berge frå heimekommunen Kyrkjebø. I fylkestinget gjekk debatten for og imot monopol. A/S Vadheim Automobilselskap fekk avslag endå ein gong, og selskapet vart oppløyst.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.09.2010