Hopp til innhold
X
Innhald

Billett for å sjå dampbåten i Vik

DS ”Fjalir” legg til kai i Vik ein gong på 1920-talet.Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

DS ”Fjalir” legg til kai i Vik ein gong på 1920-talet.Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

I Vik som elles i fylket, var det «å gå på dampen» for å gape på ferdafolk, lossing og lasting når dampen la til, den store folkeforlystelsen. Dette var stort sett gratis tidtrøyte, men i 1875 vedtok Vik kommunestyre at folk måtte løyse billett for å få tilgjenge til kaia når dampen kom!
Eit plankegjerde vart bygd slik at dei som ikkje hadde betalt skulle få kike inn. Ville ein innafor, måtte ein betale 10 øre. Seinare vart billetten redusert til fem øre. Men så fanst det også «særordningar»: Mange fekk fribillett, andre betalte fast kontingent.

Sjølv om avgiftene kunne verke meiningslause, så stimla vikjene i slike mengder ned på kaia at kommunestyret i 1887 måtte setje foten ned. Dei stoppa billettsalet og stengde kaia for folk som ikkje hadde noko anna å gjere der enn å glane på dampen!

Reisande og nysgjerrige på dampskipskaia i Vik i 1902. Mannen til venstre med ryggen til er dåverande lensmannsbetjent, seinare handelsmann og fotograf O. P. Fosse. Ukjend fotograf. Eigar Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Reisande og nysgjerrige på dampskipskaia i Vik i 1902. Mannen til venstre med ryggen til er dåverande lensmannsbetjent, seinare handelsmann og fotograf O. P. Fosse. Ukjend fotograf. Eigar Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Farleg bryggjedans

Kaia var elles ein populær danseplatting for ungdomen. Men også dette sette kommunestyret ein stoppar for, då det i 1875 stengde kaia for dans, og grunngav vedtaket med at det kunne vere farleg å svinge seg så nær kaikanten. Men folk trassa forbodet og skipa til bryggjedans seinare også.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.06.2011