Hopp til innhold
X
Innhald

Bitter strid om Rysjedalsvika

Bilferja ”Sunnfjord” klar til å ta om bord bilar i Rysjedalsvika. Ekspressbåten ”Fjordtroll” er på veg vidare på ruta si. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja ”Sunnfjord” klar til å ta om bord bilar i Rysjedalsvika. Ekspressbåten ”Fjordtroll” er på veg vidare på ruta si. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaia og ferjeleiet i Rysjedalsvika vart opna i 1966 etter langvarig og bitter strid.
Kommunane Fjaler og Hyllestad ynskte betre samband til Bergen, og i 1961 søkte dei om å få Rysjedalsvika inn på rutekartet til Fylkesbaatane.

Kravet om ei ferje i ytre Sognefjorden vart styrkt av at det kom veg langs Dalsfjorden frå Osen til Dale i 1958, og det vart bygd veg fram til Rutledal på sørsida av Sognefjorden. Samstundes vart det aktuelt å kople Solund inn på rutenettet med ferjeleie i Krakhella.

Frå bygginga av Rysjedalsvika kai i 1965. Foto: Johan Varlid. © Fylkesarkivet.

Frå bygginga av Rysjedalsvika kai i 1965. Foto: Johan Varlid. © Fylkesarkivet.

Fylkesbaatane ville ikkje

Men styret i Fylkesbatane gjekk imot prosjektet i Rysjedalsvika. Dette vekte harme, og folk lokalt tok styringa: Dampskipsekspeditør Carl Wolff bygde eit stort kaianlegg med ferjelem, og dei to kommunane Hyllestad og Fjaler ytte tilskot og garanterte for investeringa på 620 000 kroner. Ordførar Olav Bruknapp spela ei sentral rolle for å få planen realisert.

Hamneanlegget i Rysjedalsvika vart opna i 1965 – utan at fylkesbaatdirektør Otto Røsberg var til stades! Sjølv om kaia låg der, nekta styret i Fylkesbaatane framleis å starte ruter dit.

Departementet skar i gjennom

Striden om rutestopp gjekk heilt til departementet, og styret for Fylkesbaatane måtte bøye seg. Eit halvt år etter kaiopninga vart Rysjedalsvika teken med som stoppestad for snøggruta på Sogn med busskorrespondanse til Dale. 400 frammøte feira sigeren over det mektige fylkesbåtstyret med salutt og fyrverkeri då «Sognefjord» la til kai! Ekspressbåtane har hatt stopp i Rysjedalsvika sidan rutene starta i 1971.

Passasjerane går om bord i ”Fjordprins” i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Passasjerane går om bord i ”Fjordprins” i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjesamband til Solund

Ferjesamband frå Rysjedalsvika til Krakhella i Solund vart opna i 1972. Vegvesenet og lokale krefter arbeidde først for at ferjeleiet skulle byggjast i Lifjorden lengre vest, men tapte mot Rysjedalsvika. Den første planen om ferjesamband mellom Hyllestad og Solund var å starta ferje frå Laberg ved Skifjorden og til Leknessund i Nordre Solund – derifrå veg gjennom Solund til ny ferje Steinsund-Nåra og til Kalgraff i Ytre Solund.

Ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella

I 1975 vart ferjesambandet til Solund utvida slik at ferja også gjekk til Rutledal på sørsida av Sognefjorden.

Ferja ”Sunnfjord” har lagt frå kai i Rysjedalsvika, og kaia er tom etter ei hektisk føremiddagsstund der ferja hadde selskap av tre ekspressbåtar i tur og orden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferja ”Sunnfjord” har lagt frå kai i Rysjedalsvika, og kaia er tom etter ei hektisk føremiddagsstund der ferja hadde selskap av tre ekspressbåtar i tur og orden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2010