Bomvegen Årdal-Turtagrø

Bomvegen Årdal-Turtagrø sett frå Turtagrø. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Fardalsvegen i Øvre Årdal vart opna i 1921, og vart forlenga frå øvste garden Åbøle med bomvegen over til Turtagrø i Luster i 1970. A/L Fjellvegen Årdal-Luster bygde og driv vegen.
Vegen er delvis bygd på tidlegare anleggsvegar frå kraftutbygging. Lokale turistlag og næringslag både i Årdal og Luster tromma saman store folkemøte til støtte for vegkravet. Både Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) og kommunane ytte økonomisk støtte.

Bommen på fjellvegen. Foto: NRK.
Les meir om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 29.03.2011