Hopp til innhold
X
Innhald

Bruer i Førde

Langebrua over Jølstra i Førde vart bygd i betong i 1963. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Langebrua over Jølstra i Førde vart bygd i betong i 1963. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

På Hafstad i Førde var det gjestgiveri frå 1772 og skysstasjon frå 1793, og husmannen Anders Olson Hafstad hadde arbeidet som fergemann (rorskar) over elva før den første brua (Langebrua) vart bygd mellom Hafstad og Skorpa på nordsida i 1833.

Landfestet for den gamle fergestaden kan framleis sjåast på nordsida, omlag 100 meter ovanfor noverande Langebru. Denne brua har namnet sitt etter handelsmann Hans Chr. Fredrik Lange på Skorpa, som saman med lensmann Falch på garden Falkenstein tok inititativet til at den første brua vart bygd i 1836. Brua vart rasert av flaum i 1851. Ny bru vart bygd i 1856, og på nytt teken av flaum i 1922. Ny bru i stål vart opna i 1925, og vart i 1963 avløyst av noverande Langebru i betong. Den gamle stålbrua vart flytta til Rørdalsfjorden i Ytre Sula.

Storehagen bru

Endå ei ny riksvegbru – Storehagen bru – vart opna i 1986, og i 1999 opna ei gangbru mellom Festplassen og Hafstad vidaregåande skule.

Kronborg-Vie

Ny bru Kronborg-Vie (til sentralsjukehuset) vart opna i 2002.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.05.2009