Bygdevegane på Fastlandet

Osmundsvåg fekk vegsamband med omverda i 1968. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vegen i Rimstaddalen
ved Bryggja vart bygd som køyreveg kring 1890. Davik kommune hadde lite pengar, og oppsitjarane måtte sjølve forskottere det meste av vegen.
Fagerlid
er ein einbølt gard vest for Bryggja. Eigarane bygde sjølve køyreveg dit kring 1910, og denne vart utbetra og lagd om i 1968 av Vågsøy kommune.
Bygdevegen til Osmundsvåg
frå Deknepollen vart bygd i fleire etappar, men var ferdig heilt fram til Osmundsvåg i 1968.
Vegen Almenning-Vemmelsvik
vart opna fram til Vemmelsvik i 1975. Eit par-tre år tidlegare hadde Angelshaug, som ligg austafor Vemmelsvik, fått vegutløysing mot Almenning.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 24.01.2010