Hopp til innhold
X
Innhald

Dampskipsekspedisjonar i Vågsøy

Hagenkaia i Måløy.

Hagenkaia i Måløy.

I Måløy var det i lang tid fleire dampskipsekspedisjonar. I 1892 var det ikkje mindre enn sju ruteselskap som hadde rutestopp i Måløy.

Då Fylkesbaatane starta nordfjordrutene i 1858, grunnla distriktslege Johan Nikolay Cappelen (sjå denne under «Kjende personar i Vågsøy fødde år 1700-1880») den første dampskipsekspedisjonen på Sæternes der han hadde ei sjøbu. Cappelen ekspederte dampskipa som gjekk nord-sør på kysten. I 1882 overtok handelsmann Henrik Friis på Moldøen som ekspeditør.

Torgkaia med ekspressbåtterminalen som kom på plass i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torgkaia med ekspressbåtterminalen som kom på plass i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hagenkaia

Men alt i 1890 vende fylkesbåtekspedisjonen tilbake til Vågsøy-sida av sundet. Hotelleigar Peder Sunde (sjå Hagens Hotell) som også hadde kai på Sæternes, vart ekspeditør frå 1905. Denne kaia vart seinare meir kjend som ”Hagenkaia” fordi familien Hagen kjøpte både hotellet og kaia. I 1949 vart fylkesbåtekspedisjonen flytta til Torgkaia som tyskarane hadde bygd under krigen. I 1997 kjøpte Måløy Hamnevesen ei flytande betongkai som vart ankra opp ved Torgkaia. Her vart det i 2004 opna ny terminal for ekspressbåtane.

Johan N. Blaalid.

Johan N. Blaalid.

Flagget til Maaløy Ruteselskap

Flagget til Maaløy Ruteselskap

Hagens Dampskipsekspedisjon heldt fram med å ekspedere lasteskip som gjekk i kysttrafikk.

Joh. N. Blaalid

vart starta i 1907 av Johan N. Blaalid. Firmaet var i starten eit reiarlag, men vart seinare ekspeditør for Kystruten Stavanger-Trondheim med nærare 400 anløp i året og seinare for Maaløy Ruteselskap, som Blaalid sjølv starta i 1923. Joh. N. Blaalid skipsekspedisjon heldt det gåande til tidleg på 1970-talet. Selskapet dreiv og med skipsmekling m.a. innan fisketransport og skipsfrakter med klippfisk. På det meste befrakta selskapet fire skip på ein dag med klippfisk til Sør-Amerika.

Logoen til Joh. N. Blaalid.

Logoen til Joh. N. Blaalid.

Hurtigrutekaia flytta til Gotteberg

Hagevika-bua, som framleis står i Måløy sentrum, var det første ekspedisjonsbygget for kysthurtigruta i Måløy. Her var m.a. skipsoffiser Svendsen ekspeditør. Seinare fekk hurtigruta leggje til ved Ulf Lem si kai på Skram. I 1916 vart Rasmus J. Nord hurtigruteekspeditør. Nord hadde tidlegare arbeidd som ekspeditør hjå Friis på Moldøen. Torgils Kambestad vart oppteken som kompanjong i firmaet til Nord i 1930 då Nord fekk økonomiske problem. Sidan heitte det R.J. Nord & Co.

Den 1. januar 1957 vart djupvasskaia på Gotteberg teken i bruk som hurtigruteterminal. Det var Midnatsol som fekk æra av å vere første hurtigruteskipet som klappa til kaia. Ukjend fotograf, eigar Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den 1. januar 1957 vart djupvasskaia på Gotteberg teken i bruk som hurtigruteterminal. Det var Midnatsol som fekk æra av å vere første hurtigruteskipet som klappa til kaia. Ukjend fotograf, eigar Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1957 flytta hurtigruta frå Ulf Lem-kaia på Skram til ei nybygd og 90 meter lang djupvasskai på Gotteberg. Det var firmaet R.J. Nord & Co. som dreiv kaia på Gotteberg og hadde ekspedisjonen av hurtigruta fram til Måløy Skipsekspedisjon A/S med Gustav Ueland som disponent tok over i 1965. Bak dette selskapet stod reiarlaga som dreiv hurtigruta. I 1989 skifta ekspedisjonen namn til Nor Cargo Måløy A/S. I 1973 vart hurtigrutekaia på Gotteberg forlenga, og hamneterminalen fekk namnet Inter-Com-Terminalen. I 1987 vart landkaia i hopen innanfor djupvasskaia forlenga og utstyrt med ferjelem for anløp av ferja Måløy-Oldeide som til då hadde nytta Måløyferja sin ferjelem på Skram. Eit stort området kring kaianlegget vart planert til containerterminal, og den tidlegare Brunvoll-slippen vart sanert og omgjort til tilkomstveg til terminalen.

Bryggja

var også stoppestad for kystrutene på 1850-talet. Dette hadde truleg med sambandet nordover mot Vanylven over Maurstad og Åheim å gjere. Elles hadde Bryggja dampskipsekspedisjon for dei vanlege fjordarutene då Fylkesbaatane kom i drift i 1958.

Vågsvåg

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i fisketida, truleg frå 1864. Kjøpmann Rasmus D. Halvorsen var ekspeditør. Tidleg på 1900-talet fekk Vågsøy fast rutestopp gjennom heile året.

Osmundsvåg

fekk rutestopp 1874 med kjøpmann Christian B.U. Wiese som ekspeditør.

Silda

fekk rutestopp i sildetida frå 1874. Etter andre verdskrig fekk øya fast rutesamband med Fylkesbaatane sine lokalruter mellom Måløy og Selje.

Handkolorert postkort frå Raudeberg, teke før 1912. Eigar: Reidun Bendiksen.

Handkolorert postkort frå Raudeberg, teke før 1912. Eigar: Reidun Bendiksen.

Raudeberg

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1882 med kjøpmann Mons Aase som ekspeditør. Frå mellomkrigstida fekk Raudeberg berre anløp av lokale rutebåtar og av lasteskip i kystrute.

Almenning

fekk rutestopp for Fylkesbaatane i 1890. Kjøpmann Olav Dybedal var i lang tid ekspeditør i Almenning.

Husevåg i Fåfjorden

hadde lokalbåt frå Fylkesbaatane tre gonger i veka på 1950-1960-talet. Seinare er det bygd ferjekai som får anløp av ferja som trafikkerer Måløy-Oldeide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.03.2011