Hopp til innhold
X
Innhald

Dei eldste postrutene om Bryggja

781 fod over havet står det på denne støtta på Maurstadeidet. Frå 1866 gjekk posten her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

781 fod over havet står det på denne støtta på Maurstadeidet. Frå 1866 gjekk posten her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I eldre tider då den kongelege posten vart ført med eigne rorskarar langs kysten, var garden Eide i Moldefjorden i Selje det viktigaste knutepunktet for postdistribusjonen i ytre Nordfjord. Grunnen var at her tok postførarane sekken vidare over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide vart det også sett opp ei postrute over Berstadeidet og sørover mot Rimstaddalen og Bryggja. Derifrå vart posten rodd innover fjorden til statlege embetsfolk og prestegardar.

Pilegrims- og postvegen Berstad-Bryggja

Frå Berstad og over Berstadeidet mot Rimstaddalen er det framleis tydelege spor etter den gamle postvegen: Fleire stadar finn ein steinheller til å gå på og restar etter bruer. I ein bratt skråbakke er vegen graven inn i bakken slik at den fekk den fastette breidda som ein offentleg rideveg skulle ha på den tida: 2 alner – d.v.s. 1,26 meter. Også mellomalderens pilegrimar på veg til klosteret på Selja nytta Berstadeidet som ferdsleveg. På 1920-talet gjekk forfattarinna Sigrid Undset, som var katolikk, denne pilegrimsvegen fram til Selje kloster saman med historieprofessor Francis Bull.

Bryggja som sentral poststad

Då dei første dampbåtane vart sette inn i kystrutene kring 1840, mellom desse D/S ”Norcap”, fekk Bryggja ein endå meir synleg plass i postfordelingsnettet i Nordfjord: I 1841 vart ”Bryggen postopneri” skipa med den kjende industribyggjaren og handelsmannen Erik Nord (sjå denne – Eid kommune) frå Eid som styrar. Han hadde på denne tida kjøpt den gamle kremmarstaden på Bryggja. Kystruteskipa gjorde då ein sving innom Bryggja for å levere frå seg posten til Nordfjord der. Bryggja og bygdene ikring var på den tida ein del av Davik kommune, og sidan posten til denne kommunen også gjekk om Bryggja, vart postadressa i 1848 endra til ”Davigen”. Men i 1858 vart dette endra tilbake til Bryggen fordi bygda Davik på sørsida fekk eige postopneri med poststempelet ”Davigen”. Postadressa vart i 1921 endra til ”Bryggja”. Bryggja vart underpostkontor i 1973, og i 1977 postkontor C.

Posten over Maurstadeidet

Då vegen over Maurstadeidet frå Bryggja til Åheim vart opna i 1866, vart postruta nord-sør mellom Møre og Nordfjord lagt etter denne vegen, og kontoret på Eide i Moldefjorden i Selje miste posisjonen som knutepunkt i postgangen. I staden fekk no postrutene ein korrespondanse på Einehaugen på Kjødepoll-sida, og gjekk så via Åheim og over Maurstadeidet til Bryggja. Ein legendarisk postførar på 1800-talet var Jakob August Pisani (sjå denne). Det var ein mann med italiensk opphav som budde på Bryggja og som tente som postførar både i Nordfjord og i indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.01.2010