Hopp til innhold
X
Innhald

Dei eldste vegane over Strynefjellet

Den gamle driftevegen over Kamperhamrane.

Den gamle driftevegen over Kamperhamrane.

Frå gamalt av var det ferdsle- og driftevegar til Austlandet over Strynefjellet mot Ottadalen. Den mest brukte gjekk opp frå Sunndalen til Kamperhamrane, der vegen var mura med 3000 trinn i steinura. Tilsvarande steintrinn vart brukte m.a. i Steineåsen i Lærdal - sjå Lærdal kommune. Vegen gjekk vidare austover frå fjellpasset ved Kamperhamrane og langs Raudalsvatnet til Skjåk.

I Sverre-sagaen vert det fortalt av bisp Nikolaus Arneson i 1197 sende ein flokk baglarar over Kamperhamrane til Nordfjord.

På Sjømannssletti ved Framrustiseter i Raudalen på austsida kan ein enno sjå tufter etter hus som vart nytta av folk som kom vestafrå til hestemarknaden på Lindsheim i Nordberg i Skjåk.

I ”den vesle istida” på 1700-talet (les meir om denne i eigne artiklar under Stryn kommune og Luster kommune) voks Sikilsbréen så mykje at ferdsla måtte gå over bretungene ved ytste Leirvatnet, og framleis kan ein sjå merke etter ein sti langt oppe i fjellsida der. Denne stien gjekk truleg langs kanten av den velvaksne bréen i desse kuldeåra.

Det gamle sambandet over Strynefjellet viser også att i slektene på begge sider ved at ungdomen fann seg ektemake på andre sida av fjellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2010