Hopp til innhold
X
Innhald

Dei eldste vegsambanda i Førde

Fjellpasset Tynningen mellom Angedalen og Jølster. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjellpasset Tynningen mellom Angedalen og Jølster. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Før Den trondhjemske Postvei vart bygd i 1785, gjekk den viktigaste ferdslevegen mellom Jølster og Førde over fjellpasset Tynningen mellom Fluge i Jølster og Grimeland i Angedalen. Dette var naturleg fordi handelsborgaren i Førde i gamal tid heldt til på nordsida av elva Jølstra - i Sjøahola ved kyrkja på Skei. På Tynningen viser steinheller i ei myr tydeleg kvar den gamle ferdslevegen gjekk. Ferdsla over Tynningen gjorde at det på 1600-talet vart oppnemnd skysskaffar og skipa skjenkestove på Grimeland i Angedalen.

På dette biletet frå Førdsnipa ser vi vegen frå Vie gjennom Vieskaret. I bakgrunnen E39 på Sunde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet frå Førdsnipa ser vi vegen frå Vie gjennom Vieskaret. I bakgrunnen E39 på Sunde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjemann ved Farsund

Ein annan veg mellom Førde og Jølster gjekk over Vie til Mo, gjennom Vieskaret. Her vart folk rodde over Bergavatnet mellom Soleide og Farsund av ein fast ferjemann som i 1772 fekk tildelt skjenkeløyve. For å kome frå Vie til Sjøahola, var det også fast ferjemann der elva Anga renn inn i Jølstra. Denne vegen over Vie og Soleide vart lagd ned som offentleg veg i 1861. I gamle dagar hadde jølstringane naust langs fjorden i Førde, m.a. i elva Jølstra . Her var det i alt 15 naust, to av dei eigde av jølstringar.

Vegen frå Moskog og brua over Farsund med Sunde på andre sida. Fotoet er teke av Olai Fauske ein gong mellom 1910 og 1920. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Vegen frå Moskog og brua over Farsund med Sunde på andre sida. Fotoet er teke av Olai Fauske ein gong mellom 1910 og 1920. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010