Dei første motorbåtane

Motorbåten Fix som Schreuder kjøpte i 1903. Om bord sit Kristoffer Glosvik, som var tilsett hjå Schreuder. Ukjend fotograf. Eigar: Henrik Steen K. Glosvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
I 1903 kjøpte kjøpmann Otto Schreuder i Skjerjehamn motorbåt. Dette var ein av dei aller første motorbåtane som kom til Sogn og Fjordane.
Lensmann Augustinus K. Bredvik i Eivindvik (lensmann 1896-1938) var også tidleg ute: I 1905 skaffa han seg ein motorbåt som han kalla «Veslemøy». Etter 2. verdskrig dreiv Birger Flolid motorskyss og skyssing med bil, då han fekk det første drosjeløyvet i Eivindvik.
Han fekk også mykje skuleskyss etter kvart som dei mange små skulekrinsane vart lagde ned og borna sende til skulen i Eivindvik.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 11.08.2010