Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første postrutene

Lavik fekk postopneri alt i 1836. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik fekk postopneri alt i 1836. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første faste postruta på langs av Sognefjorden starta i 1836. Før den tid var det berre tilfeldig postombæring til bygdene frå hovudpostruta som fylgde Den trondhjemske Postvei over Rutledal og Leirvik lengre vest i fjorden. I dei inste sognebygdene vart posten fordelt utover frå postruta som gjekk frå Beregen via Voss og Lærdal og over Filefjell til Austlandet.

Men frå 1836 vart postkorrespondansen mellom posten nord-sør på Vestlandet og innover til Sogn ei fast ordning. Innover Sognefjorden kom det postopneri i Leirvik, Lavik, Måren, Flesje ved Balestrand og i Frønningen. Fire menn skulle til for å frakta posten innover Sognefjorden med ein stor robåt som også var seglfør.

I 1843 vart hjuldamparen "Constitutionen" sett inn på hovudpostruta Bergen-Lærdal. Dette skipet kunne på ruta ha fleire poststopp innover Sognefjorden. Det er grunn til å tru at desse lokale stoppa vart gjorde der det budde militære embetsfolk. Slike stader var Leirvik, Brekke, Alværa, Måren, Ortnevik, Flesje og Fresvik. ”Constitutionen” vart avløyst av D/S "Patriot" som gjekk fram til 1858. Då overtok det nyskipa og fylkeseigde ruteselskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane). Det var postruta Bergen-Lærdal som var opphavet til skipinga av Fylkesbaatane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2009