Den første automobilen

Vegen i Breimsfjellet som Gabriel L. Bjørnereim ville trafikkere med bil.
Gabriel L. Bjørnereim frå Breim var truleg den første som kjøpte seg bil i Sogn og Fjordane. Han kom heim frå Amerika i 1903 for å overta farsgarden, og kjøpte bilen like etter.
I 1906 søkte Bjørnereim om å få starte varerute Sandane-Breim. Med mange formanande restriksjonar om køyretid, fart osb., fekk han løyve i 1907 – til ein einaste tur i veka. Like etter gjekk Bjørnereim konkurs, og reiste tilbake til Amerika i 1908.
Alt i 1899 hadde eigaren av Hotell Central på Visnes i Stryn, Peter Tenden, planar om å kjøpe bil for ei rute Faleide-Mindresunde-Visnes i Stryn. Men han fann ikkje bil som høvde, og droppa tanken. Seinare vart same Peter Tenden sentral i skipinga av Fjordenes Automobilselskap.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.01.2011