Den første rutebilen i Sogndal

Rutebilen står klar på Fossetunet før turen innover Lustrafjorden ein gong på 1930-talet. Bak rattet sit Lars Hofslund. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sommarrutene til Indre Sogns Automobilselskap i 1916.
I 1916 gjekk hotelleigar Peder J. Næss ved Hofslund Hotell i brodden for skipinga av aksjeselskapet Indre Sogns Automobilselskap.
Indre Sogns Automobilselskap
Selskapet starta rutebilkøyring på det vesle vegnettet som var bygt mellom Sogndal og bygdene i noverande Luster - heilt til Fortun. Den første sjåføren på ein sju-seters Chandler var bergensaren Anton Andersen. Det vart også starta rute til Jostedal. Ein freista også å få i gang rute til Sogndalsdalen, men gav opp på grunn av dårleg veg.
Indre Sogns Automobillag
Men trass i at automobilselskapet frå 1920 fekk statstilskot, gjekk det likevel med underskot. Det enda med tvangssal i 1926. Ei gruppe tilsette med Samuel Berge i spissen tok over under namnet Indre Sogns Automobillag. Dei bygde også garasje og verkstad med bensinstasjon i Sogndal.
Sjå elles:
- Sogn Billag L/L.

Buss frå Fjord1 Sogn Billag. Foto: Arve Uglum, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.09.2011