Hopp til innhold
X
Innhald

Den Trondhjemske Postvei i Gulen

Postvåg, der postbåtane la til etter å ha rodd over Fensfjorden. © Fylkesarkivet.

Postvåg, der postbåtane la til etter å ha rodd over Fensfjorden. © Fylkesarkivet.

Den Trondhjemske Postvei vart opna i 1785 og gjekk gjennom ytre Gulen frå Postvågen sør ved Fensfjorden og til Rutledal ved Sognefjorden.

Frå sør kom posten over Lindåshalvøya og vart rodd over i Postvågen like ved Halsvik. Derfrå gjekk den på rideveg til Eide og Glenja ved Eidsfjorden. Eide vart den første poststasjonen i Gulen, skipa i 1787. Frå Glenja vart posten rodd nordover Gulafjordane til Haveland i Nordgulen, og så var det veg gjennom Nordguldalen til Rutledal.

Denne vegen var ferdig i 1790 og hadde sju bruer. På same tid vart postvegen i søre luten bygt. Posten fylgde denne ruta heilt fram til 1867. Sjå meir om Den Trondhjemske Postvei i kommunane Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Jølster, Gloppen, Stryn og Hornindal under: Samferdsle.

Postførarar drukna

Langs ruta vart bøndene som førte posten, kalla postførarar eller postbønder. Som løn slapp postbøndene unna militærteneste og anna skyssplikt. Frå 1837 vart dei væpna for å halde tjuvar og kjeltringar unna verdfulle postsekkar. Men vestlandveret kunne vere vel så lunefullt og fårefullt...

Bru på postvegen gjennom Gulen.

Bru på postvegen gjennom Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012