Hopp til innhold
X
Innhald

Den Trondhjemske Postvei i Hyllestad

Dei som køyrer  riksvegen nordover frå Leirvik til Foss kan sjå denne fine steinbrua som var ein del av Den trondhjemske Postvei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei som køyrer riksvegen nordover frå Leirvik til Foss kan sjå denne fine steinbrua som var ein del av Den trondhjemske Postvei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingemar Nordstrand frå Hyllestad la på 1970- og 1980-talet ned eit stort arbeid for å få restaurert og merka dei gamle ferdslevegane i Sogn og Fjordane. Ein av desse var Den trondhjemske Postvei som vart bygd sør-nord gjennom fylket på slutten av 1700-talet.

Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775. Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ein meir underordna rolle.

Ytre line vann

Frå sørsida av Sognefjorden gjekk posten frå Postvåg ved Fensfjorden og vart rodd nordover Gulafjordane til Nordgulen. Derifrå gjekk postsekken over eidet til Rutledal, og frå Rutledal vart den rodd nordom Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik gjekk postvegen over Skor til Espedal, Rennestraum og Flekke i Fjaler, og derifrå fram til skysstasjonen Tross i noverande Dale sentrum. Frå Tross vart post og reisande rodde med båt til Sveen i Bygstad og derifrå vidare over Langeland til Førde.

Ytre line vann

Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck ( sjå denne), som førde til at denne viktige nord-sør-vegen vart bygd så langt vest, og ikkje via Vadheim. Opphaveleg var det nemleg tanken at postruta skulle bli ført over Sognefjorden frå Rutledal til Nesje på nordsida. Derifrå skulle posten gå til Leirvik, opp Lavikdalen og ned til Torvund lengre inne ved Sognefjorden, og så derifrå til Vadheim og nordover til Førde nokolunde etter den lina som europavegen fylgjer i dag. Men kaptein Holck, som budde i Leirvik, hadde rett til å kome med fråsegn til vegplanen. Kaptein Holck viste til at det var trong for vegsamband mellom eksersisplassane i Leirvik og Dale, og greidde med argumenta sine å overtyde styremaktene om at lina Leirvik-Flekke-Dale var den rette. Dermed vart Vadheim-lina vraka – i denne omgang.

Postvegen vart restaurert på 1970-talet. Dessverre er skrivefeil vanskelege å rette opp med slike skrive-metodar. Foto: Ottar Starheim, NRK

Postvegen vart restaurert på 1970-talet. Dessverre er skrivefeil vanskelege å rette opp med slike skrive-metodar. Foto: Ottar Starheim, NRK

Postveg frå 1802

Arbeidet med Den trondhjemske Postvei frå Leirvik til Dale starta i 1802. Mykje av vegen vart bygd som køyreveg. Frå 1885 vart det starta regulær postrute ein gong i veka mellom Bergen og Trondheim, og vegen vart utbygd til kjerreveg fram mot 1800. På strekninga Rennestraum- Skor gjekk denne første postvegen på vestsida av Hovlandsvatnet. I åra 1882–1885 vart vegen lagd om slik at den gjekk på austsida av vatna på strekninga Skor-Rennestraum. Vegen om Espedal på vestsida vart omklassifisert til rideveg. Då vegen Vadheim - Førde vart bygd i 1837, avløyste den postvegen som hovudveg mellom Sunnfjord og ytre Sogn. Med utgangspunkt i postvegen vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra og omlagd til bilveg i tida frå 1895 til 1935. Det vart m.a. bygd ny veg Nautsund-Skor i 1897, og med nye utbetringar vart det i 1938 mogeleg å køyre med bil heile året mellom Leirvik og Skor. Ingemar Nordstrand stilte seg på 1990-talet i spissen for restaurering og merking av Den trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011