Hopp til innhold
X
Innhald

Den Trondhjemske Postvei i Stryn

Ei restaurert steinbru i Markane er eit minne om Den trondhjemske Postvei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei restaurert steinbru i Markane er eit minne om Den trondhjemske Postvei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775.

Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ein meir underordna rolle.

Vegen over Utvikfjellet på 1880-talet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UiB.

Vegen over Utvikfjellet på 1880-talet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UiB.

Kart som viser kvar postvegen gjekk frå Faleide til Hornindalsvatnet.

Kart som viser kvar postvegen gjekk frå Faleide til Hornindalsvatnet.

Båtskyss Utvik-Faleide

I indre Nordfjord kom Den trondhjemske Postvei frå sør med båt over Breimsvatnet til Reed i Breim. Derifrå gjekk den over Utvikfjellet til Utvik, der det var korrespondanse med ei rodd postrute til Eide i Selje (sjå Selje kommune). Over Nordfjord var det båtskyss frå Utvik til Faleide, og vidare nordover gjennom Markane til Grodås og Hellesylt på Sunnmøre. På denne ruta kom det gjestgiveri både på Reed, i Utvik, på Faleide og på Grodåssanden. Frå 1800-talet finst det fleire skildringar om dramatiske reiser langs Den trondhjemske Postvei i Nordfjord. Særleg i dei stupbratte bakkane frå Utvikfjellet og ned mot Utvik, og i bakkane ovanfor Faleide, kunne det gå hardt føre seg. I bakkane i Utvik skal det visstnok ha gått med liv når reisande har havarert med hest og kjerre.

Utsynet frå Utvikfjellet har i alle år fenga turistane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsynet frå Utvikfjellet har i alle år fenga turistane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omlegging av postrutene

Den trondhjemske Postvei var først og fremst bygd for å betre postkorrespondansen til og frå sivilt, militært og geistleg embetsverk på Vestlandet.

Den trondhjemske postvei er markert med skilt både på Utvikfjellet og i Markane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den trondhjemske postvei er markert med skilt både på Utvikfjellet og i Markane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Men i Nordfjord sat sorenskrivaren på Leikvin ved Nordfjordeid, og på indre Sunnmøre i Volda. Dessutan låg den viktigaste eksersisplassen i Nordfjord på Nordfjordeid. Postvegen gjennom indre Nordfjord og Hornindal høvde dermed dårleg for desse embetsfolka. Difor vart det opna ein ny ”postveg” mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen i 1826. Dermed vart ”hovudpostruta” gjennom Nordfjord flytta lengre vest, slik at den gjekk frå Ryssfjøra i Gloppen, vart rodd over til Hunvik og derifrå over Hunvikskaret til Hundeide ved Eidsfjorden. Der kryssa posten nord om fjorden til Leikvin, og så vidare over Bjørkedalseidet mot sorenskrivaren i Volda. Men den gamle postvegen i indre Nordfjord var framleis, og i lang tid, den viktigaste ferdsleåra for vanlege reisande, både over Utvikfjellet og mellom Faleide-Hornindal-Hellesylt.

Restaureringsarbeid på ei av postvegbruene i Markane i 1982. Foto: Fjordingen.

Restaureringsarbeid på ei av postvegbruene i Markane i 1982. Foto: Fjordingen.

Restaurering av postvegen

Kring 1980 gjorde Ingemar Nordstrand ein stor innsats for å få rydda og merka Den trondhjemske Postvei gjennom indre Nordfjord. Særleg i Markane kan ein framleis sjå vakre steinbruer som vart bygde som lekkar i Den trondhjemske Postvei.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011