Det første postkontoret i Aurland

Gudvangen - flyfoto frå 1957. Her låg det første postkontoret i Aurland kommune.© Johan Ottesens arkiv.
«Urland postopneri» vart opna i 1841. Men dette første postkontoret låg ikkje i Aurland, slik namnet kan tyde på, men i Gudvangen. Dette hadde samanheng med at den viktigaste postruta mellom Bergen og Austlandet gjekk framom Gudvangen på den tida.
Frå Gudvangen vart det starta ei såkalla bipostrute til bygdene i indre Sogn. Utgiftene til denne bipostruta vart dekt av Staten. I 1855 vart det starta ei bipostrute til det nyskipa Vangen postopneri (Aurlandsvangen). Same året vart det starta ei bipostrute ut fjorden, ruta gjekk ein gong i veka frå Aurland og til Breisnes (Brusnæs) ved munningen av Aurlandsfjorden.
I 1856 vart namnet på postopneriet på Vangen endra til «Urland». Samstundes fekk kontoret i Gudvangen poststempel «Undredal,» men først i 1861 vart dette postopneriet flytta frå Gudvangen til Undredal. Men i 1870 vart postopneriet i Undredal flytta tilbake til Gudvangen, og i 1881 vart namnet «justert»” på nytt til «Gudvangen» postopneri. I 1973 vart statusen for kontoret i Gudvangen nedgradert til underpostkontor, og det vart lagt ned i 2000.
Postkontoret i kommunesenteret på Aurlandsvangen fekk namnet «Aurland» i 1872.

Aurlandsvangen fekk postkontor i 1855. © Johan Ottesens arkiv.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 31.05.2011