Hopp til innhold
X
Innhald

E39 mellom Vadheim og Lavik

På dette biletet ser vi inngangen til den gamle tunnelen på vegen Vadheim-Teigen lengst til venstre. Strekninga derifrå til inngangen til den nye Bogstunnelen var svært rasfarleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samanhengande veg Vadheim-Lavik kom først i 1960, då den siste parsellen på strekninga var ferdig: Det var den gamle Bogentunnelen på 636 meter. På den gamle vegstrekninga låg elles Avsnestunnelen ved munningen av Vadheimsfjorden (181 meter) og den vesle Teigatunnelen (54 meter) litt lengre vest.

Inngangen til Bogstunnelen på vestsida. Til høgre ser vi den gamle vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangen til Bogstunnelen på vestsida. Til høgre ser vi den gamle vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bogstunnelen

Bogstunnelen på E39 (3482 meter) frå Bogen til Teigen vart opna i juni 2004. Den gamle vegen langs Vadheimsfjorden var utsett for ras, og fleire gonger var det nære på at menneskeliv gjekk tapt. Ei lokal aksjonsgruppe med pendlarar pressa på for å få ein sikrare veg. Den nye tunnelen vart delfinansiert ved at det vart kravd inn bompengar som ein del av billetten på ferjesambandet Lavik-Oppedal. Etter planen skulle bompengeinnkrevinga vare til 2017, men stor trafikkauke på ferjesambandet og gunstig rentenivå gjorde at lånet var nedbetalt alt i 2011.

Ny veg ved Torvund

I 2009 starta arbeidet med å byggje ny veg og tunnel på strekninga Teigen-Torvund. Den gamle vegstrekninga over Torvundhovden var smal og svingete, og det vart ofte opphoping av trafikken når to større køyrety møtest. Den 10. desember 2012 vart den nye strekninga på 5,3 kilometer (medrekna den 2560 meter lange Noreviktunnelen) opna for trafikk. Anlegget kosta 371 millionar kroner.

Delar av E39 mellom Vadheim og Lavik heldt ikkje den standarden som krevst på ein europaveg. I desember 2012 var denne strekninga historie. Då vart ei ny vegstrekning opna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Delar av E39 mellom Vadheim og Lavik heldt ikkje den standarden som krevst på ein europaveg. I desember 2012 var denne strekninga historie. Då vart ei ny vegstrekning opna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.12.2012