Hopp til innhold
X
Innhald

Eivindvik

Eivindvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eivindvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

fekk postopneri 1797. Det låg på den gamle skysstasjonen i Fonnevik vest for Prestesundet. Fonnevik vart på den tida skrive ”Fondevik”.

Soknepresten var postopnar. Postførararen som frakta posten langs Den trondhjemske Postvei lengre aust, likte ikkje omvegen med presteposten ut til Eivindvik. Dei søkte difor å få leggje posten frå seg i Åmdalsvik, og difor vart Åmdalsvik ved Gulafjordane postkontor i tida 1849-1858.

Men så kom Fylkesbaatane i 1858, og postkontoret vart flytta tilbake til Fonnevik. Postkontoret vart flytta over Prestesundet til Eivindvik i 1892. Der vart Mons M. Haveland postopnar.

Postadressa er nemnd som Evenvig i 1812 og 1816, i 1833 som Evenvig i Ytre Sogn og seinare som Eivindvig.

I 1889 er namnet endra til Evenvik i samband med flyttinga frå Fonnevik til fastlandet. I 1901 vart namnet endra til Eivindvik. Eivindvik vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009