Ferdsla på fjord og vatn i Stryn

Nordfjordjekta ”Bertine” med garden Vik i Stryn i bakgrunnen. Eigar og reproduksjon: Lars R. Lunde.
Nordfjord-jektene var dei viktigaste transportmidla til Bergen før Fylkesbaatane kom i 1858. I Olden var det i gamal tid fem jekter, i Innvik sokn åtte, og i Utvik sokn sju jekter.

D/S Faleide.
Lokale dampbåtlag
stod frå ca. 1890 føre trafikken på fjorden og vatna før vegane kom: D/S «Faleide» sytte for fjordtrafikken frå Faleide og til dei andre innfjordsbygdene.

Skyssbåten ”Roald” gjekk i postrute mellom Stårheim og Olden.
Jens Nesdal dreiv også skysstrafikk på fjorden frå 1914. Han kjøpte etter ei tid skyssbåten ”Roald”. ”Roald” gjekk under 1. verdskrig i postrute Stårheim-Hestenesøyra- Ryssfjøra-Olden, og vart jamvel brukt på ein sjuketransport rundt Stad og til Ålesund. Men denne båten fekk etter ei tid konkurranse om fjordskyssinga frå ”Rapp”, eigd av Sivert Teigen, og skyssbåten til Rasmus Helset og Rasmus Yri sin ”Olav”.

Det vart lagt ned mykje sveitte då MB Tourist vart dregen frå fjorden og opp til Strynevatnet. Her er transporten på veg gjennom Perhustunet i Stryn.
Båtar på Strynevatnet
På Strynevatnet gjekk ”Fridtjof Nansen” og ”Tourist”.
På Lovatnet
På Loenvatnet gjekk ”Gordon” (1892), ”Lodalen” (1902), ”Lodølen” (1905), ”Bødal” (1906), ”Turisten” – seinare omdøypt til ”Bødal” (1925) og ”Kjenndal” (1926). Etter rasulukka 1936 vart ikkje båttrafikken på Loenvatnet teken opp att før i 1980, då ein ny båt med namnet "Kjendal" kom i trafikk. I bolkar med stor trafikk var det vanleg at desse båtane også tok med passasjerar og gods på slepeprammer bak båten.

DS ”Lodølen” ved kai i Kjenndalen i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

MB ”Kjendal” på Lovatnet i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Olden Dampbåtlag
vart skipa i 1897 og var resultatet av ei samanslåing med Øvre Olden Dampbåtlag.

Vinterstid måtte båtane på Oldevatnet ha litt hjelp for å ta seg fram.
Fylkesbaatane sine stoggestader:
Fylkesbaatane hadde til saman ni rutestogg i noverande Stryn kommune:
Faleide og Utvik
var sentrale knutepunkt i indre Nordfjord på 1800-talet p.g.a. Den Trondhjemske Postvei, og fekk rutestogg frå D/S «Fjalir» starta første Nordfjordruta i 1858.

Rutebåten er på veg til kai på Faleide rundt 1900. Foto: Axel Lindahl. © Norsk Folkemuseum.
Olden
fekk rutestopp i 1861. Olden hadde to rutebåtkaier på grunn av ein bitter strid i bygda om kaia skulle liggje på sør- eller nordsida. Det enda med eit kompromiss der sør- og nordsida fekk kvar si rutebåtkai. Men det var ikkje meir enn eit par kilometers god køyreveg mellom dei to kaiene.

Murikaia i Olden i 1955.Bak huset på kaia ser vi Olden Mølle, huset til høgre er Olden Meieri. © Johan Ottesens arkiv.
Innvik
fekk rutestopp i 1882.
Loen
fekk rutestopp i 1882.
Rand
fekk rutestopp i 1882.
Blakset
fekk rutestopp i 1882.

Nordfjord I ved kai på Visnes i Stryn på 1980-talet. © Fjord1 Fylkesbaatane.
Visnes
i Stryn fekk rutestopp i 1894.
Tistam
fekk rutestopp i 1898.
Første bilferja
Den første bilferja i Sogn og Fjordane vart starta mellom Utvik, Faleide og Årholen i 1932.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 15.03.2011