Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Årdal

Dampskipsrutene

Årdalstangen fekk dampskipssamband i 1869, 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine. Eit par år seinare vart det bygd kai med Nils Qvam frå Sogndal som ekspeditør.

Naddvik og Ofredal fekk faste rutestopp frå 1895. Seimsdal fekk båtrute i 1931.

Skysstrafikk

Olav Lægreid (1878-1966) kjøpte motorbåt i 1912, og var ein av dei første som dreiv skysstrafikk mellom dei veglause grendene langs Årdalsfjorden.

Knutepunkt for Fylkesbaatane

Knutepunkt for Fylkesbaatane

Då aluminiumsverket kom i drift i 1947, vart Årdal eit at dei viktigaste trafikkpunkta for Fylkesbaatane, både for godstransport til og frå verket og for transport av jordbruksvarer og arbeidsfolk frå andre Sognebygder til den nye industribyen. I 1964 ytte Årdal kommune tilskot til dagleg mjølkerute frå Solvorn i Luster til Årdalstangen. Jørgen Offerdal dreiv også mjølkerute med «Kvelding» og «Offerdal» frå Lærdal til meieriet på Årdalstangen.

Tangen vart endestogg

Tangen vart endestogg

Då Fylkesbaatane starta snøggrutene med dei nye skipa «Sognefjord» og «Sunnfjord» i 1949, vart Årdalstangen endestopp på ruta Sogn-Bergen. Desse skipa hadde også spesialutstyr med dreieskiver på dekk slik at dei lett kunne frakte bilar.

Ferje Tangen-Kaupanger

På Årdalstangen vart det bygt ferjelem i 1957 og starta ferjerute til Kaupanger.

Fram til vegen til ferjeleiet på Fodnes vart opna i 1993, hadde Årdal ferjesamband frå Årdalstangen til Kaupanger. Ferjereisa tok 1 time og 20 minutt. Ferja gjekk også opp under Naddvik og Ofredal før desse bygdene fekk vegutløysing mot Årdal.

Ekspressbåtruta på Sogn

Ekspressbåtruta på Sogn

I 1971 starta Fylkesbaatane som eitt av dei første trafikkselskapa i landet med hurtiggåande ekspressbåtruter. Først ut var «Sogneruta» med endestopp på Årdalstangen.

Skuleskyss frå Vikadalen

Frå Vikadalen (Naddvik) dreiv Anfinn Hovland skuleskyss og arbeidsrute til Årdalstangen frå bygdene ute langs fjorden frå kring 1960 og inntil fjordbygdene fekk vegutløysing.

Verket sine «Tya» og "Utla

Då ÅSV vart skipa etter krigen, hadde aluminiumsverket trong for raskare persontransport m.a. til jernbanen i Flåm enn det vanlege båtruter kunne tilby. I 1952 kjøpte verket difor den luksuriøse hurtigbåten «Tya». Båten var i bruk til 1960. Seinare kjøpte ÅSV skyssbåten «Utla» som også var brukt som ambulansebåt.

Les meir om samferdsle i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011