Ferdsla på fjorden i Balestrand

Parti fra Balestrand heiter dette måleriet av Amaldus Nielsen. Ei stor og ei litt mindre sognejekt er sentrale i biletet. © Blomqvist Kunsthandel.
Jektehamna i Kvamsøy
I 1648 vart skyssordninga i Noreg organisert. Det vart skipa skysstasjonar langs kyst, fjordar og i dalføra, og innført skyssplikt.
Jektebygder ved Sognefjorden
Vetlefjorden, Torsnes og Sværefjorden var i gamal tid kjende som «jektebygder». Det vert fortalt at mest kvar gard hadde eiga jekt. Også i Kvamsøy var det fleire jekter.

Flesje i Balestrand var futesete. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Stoppestad i Flesje
Den gamle Fute- og offisersgarden Flesje nokre kilometer vest for Balestrand var første stoppestad for dampbåtane då dei tok til å trafikkere på Sognefjorden midt på 1800-talet. Dampbåtane gjekk ikkje til kai, men vart borda ute på fjorden. På Flesje var det også rorskifte for postruta på Sognefjorden.

Fylkesbaatrutene i Balestrand
Fylkesbaatane-rutene opna m.a. for at dei første turistane kunne reise på rundtur frå Bergen til Voss og Gudvangen, og derifrå til Balestrand før retur til Bergen.
Turistskyss i Balestrand
Fleire båteigarar tilbaud turar på fjorden for turistane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 27.07.2011